Rogaland strålte for det belgiske kongeparet

Statsforvalter Bent Høie, Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon, Deres Majesteter Kongen og Dronningen av belgierne, Kong Philippe og Dronning Mathilde, og Stavanger-ordfører Tormod W. Losnedal på rusletur i Stavanger. Foto: Koninklijk Paleis / Palais Royal - Loan Silvestre.

Rogaland viste seg frå si beste side då det belgiske kongeparet besøkte Stavanger og Sola. Besøket handla ikkje berre om høgtide – men om samarbeid, moglegheiter og sterke band mellom Noreg og Belgia.

Publisert 27.03.2026

Besøket gav ei god moglegheit til å vise fram kva Rogaland faktisk er: ein region der energi, industri og teknologi blir utvikla – og brukt.

Gjennom programmet fekk gjestene oppleve dette på nært hald. På Norsk Oljemuseum fekk dei innblikk i historia som har forma regionen som energihovudstad. I Gamle Stavanger fekk dei møte den eldre byhistoria og trehusmiljøet som byen er kjend for, før besøket gjekk vidare til Stavanger konserthus, der kultur og vertskap stod i sentrum.

Sola flystasjon fekk dei også innblikk i forsvar og beredskap – eit viktig bakteppe i ei tid der tryggleik og samarbeid mellom land er høgt på dagsorden.

– Betyr noko for oss

Statsforvaltar Bent Høie meiner besøket er meir enn eit høgtideleg innslag:

Dette er ikkje berre eit kongebesøk. Det betyr faktisk noko – for oss som bur her. Vi styrkjer samarbeidet med Belgia og viser fram moglegheitene som finst i Rogaland.

Han peikar på at besøket kjem på eit viktig tidspunkt:

I ei uroleg tid er det viktigare enn på lenge at europeiske land samarbeider tett.

Opnar dører for næringslivet

Det belgiske kongeparet hadde med seg ei stor næringslivsdelegasjon. Det gir konkrete moglegheiter for regionen.

Belgia er allereie ein viktig samarbeidspartnar for Noreg, mellom anna innan energi. Samtidig har Rogaland sterke fagmiljø som er relevante for vidare samarbeid.

Slike møte kan opne dører for nye prosjekt, kontraktar og arbeidsplassar i Rogaland, seier Høie.

Byggjer relasjonar for framtida

Statsbesøket handlar også om å bygge relasjonar over tid.

Relasjonar må byggjast og vedlikehaldast. Dette besøket er eit viktig steg vidare for samarbeidet mellom landa våre, seier statsforvaltaren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar