Ny integreringslov gjeldande frå 01.01.2021

Den nye lova har tilsvarande verkeområde som introduksjonslova men med viktige endringar både for fylkeskommunar, kommunar og deltakarar i introduksjonsprogram.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2020

Dei viktigaste endringane er mellom anna:

  • Differensiering av programtida for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Programmet kan vare frå tre månader opp til fire år alt etter kva utdanning og kompetanse deltakaren har frå før.
  • Personar som underviser i norsk etter integreringslova skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Alle innvandrarar med rett og plikt til introduksjonsprogram skal få kartlagd kompetansen sin og få karriererettleiing.
  • Dei som er under 25 år og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring skal få slik opplæring som ein del av introduksjonsprogrammet.
  • Kravet til å gjennomføre eit visst tal på timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap blir erstatta med krav om å nå eit kompetansenivå.
  • Fylkeskommunen får mellom anna ansvar for å tilrå kor mange flyktningar som bør bli busett i kommunane innan eige fylke. Fylka må lage planar for kvalifisering av innvandrarar og sørge for eit tilbod om karriererettleiing.

For meir informasjon om heile integreringslova sjå lenka på lovdata; https://lovdata.no/dokument/ISL/isl/2020-10-20-3?q=integreringsloven 

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har sett saman ein fagverkstad i 6 delar som tar føre seg ulike delar av introduksjonsordning. Denne kan vere til god hjelp for deg som arbeider i kommune og fylkeskommune med ordninga; https://www.imdi.no/introduksjonsprogram/fagverksted/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar