Opplæringslova er ei av dei viktigaste lovene i landet. Ho regulerer skolekvardagen til over 820 000 barn og unge og arbeidsdagen til over 95 000 lærarar i skolane.
Det same gjeld kvardagen til alle som har læretid i bedrift, og alle vaksne som får grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring.
I tillegg påverkar opplæringslova kvardagen til tusenvis av tilsette i kommunar, fylkeskommunar, staten og det private og har også mykje å seie for foreldre og andre familiemedlemmer og privatpersonar.
Formålet med den nye lova er å få ei oppdatert opplæringslov som er meir tilgjengeleg, tydeleg og forståeleg, og som er betre tilpassa det noverande og framtidige samfunnet og kvardagen i opplæringssektoren i Noreg.
Fra kap 1.1 i Prop. 57L (2022-2023)
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)