Vi tilrår vern av Loftesnes naturreservat i Sogndal

Lind er eit edellauvtre og trivst berre i avgrensa, varme lommer i fylket. Lind kan ha tydinga "skjold" som skildra i Snorre-Edda, og vikingane brukte treet for å lage skjold grunna gode eigenskapar som låg vekt og fordi det er lett å skave i. Lind er ein viktig levestad for biomangfald, kanskje av same grunn?
Lind er eit edellauvtre og trivst berre i avgrensa, varme lommer i fylket. Lind kan ha tydinga "skjold" som skildra i Snorre-Edda, og vikingane brukte treet for å lage skjold grunna gode eigenskapar som låg vekt og fordi det er lett å skave i. Lind er ein viktig levestad for biomangfald, kanskje av same grunn? Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tore Larsen.

Vi tilrår frivillig skogvern av Loftesnes i Sogndal kommune. Skogen har nasjonale verneverdiar og husar edellauvskog med sjeldne artar. Ein status som naturreservat vil ivareta desse verdiane godt. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.06.2021

Arealet dekkjer ein gradient frå lågareliggjande område med rik edellauvskog til høgareliggjande areal med furuskog langs eit vestvendt berg i indre Sogn. Det er registrert både levande og døde store, gamle lindetre med grove dimensjonar. Andre edle lauvtre som hassel, alm, ask og svartor veks i området, og osp og bjørk er særleg grove og har høg alder. Dei gamle trea har gode førekomstar av sopp-, mose- og lav, og det er stort potensiale for funn av truga, sjeldne og sårbare artar. Loftesnes er vurdert å ha verdi A, som er svært viktig og har nasjonal verdi, og vil med dette bidra til å oppfylle viktige manglar i skogvernet i Vestland.

Tilbodsområdet på Loftesnes er lokalisert på gards- og bruksnummer 1/12, 2/2, 2/5, 2/6 og 2/11 i Sogndal kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar. Arealet har ein storleik på 623 dekar.

Tilbodsarealet på Loftesnes er stadvis bratt og utilgjengeleg for folk. Området gjev likevel gode levekår for lind, hassel og osp og alle artane som treng gamle og døde tre for å overleve.
Tilbodsarealet på Loftesnes er stadvis bratt og utilgjengeleg for folk. Området gjev likevel gode levekår for lind, hassel og osp og alle artane som treng gamle og døde tre for å overleve. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tore Larsen.

Verneformål og områdestatus  

Føremålet med naturreservatet er å ta vare eit område med edellauvskog med særleg betyding for biologisk mangfald i indre fjordstrøk. Området består av rasmark med rik edellauvskog og frodig blandingslauvskog i låglandet der store, gamle lindetre og hassel dominerer, og furu veks høgare til fjells. Det er ei målsetting å ta vare på verneverdiane i best mogleg tilstand, og at mangfaldet av artar og livsmiljøa deira skal få utvikle seg mest mogleg naturleg.

Arealet inngår som landbruks, natur- og friluftsliv (LNFR) i gjeldande kommuneplan. Statens Vegvesen har eit pågåande arbeid med kommunedelplan for ny riksveg mellom Loftesnes og Kaupanger, og denne er ikkje sendt på høyring enno. Endeleg vegtrasé er ikkje fastsett. Meir om dette i tilrådingsdokumentet til høgre.

Namn på verneområdet

Når det gjeld namn på verneområdet var det opphavlege arbeidsnamnet Loftesnes. Grunneigarane støtta namneforslaget, dei fleste av disse bur i grenda Loftesnes. I høgare delar av området ligg Loftesnesfjellet, og sør for det føreslegne området ligg ei anna grend, Kjørnes. I oppstartsfasen tilrådde Språkrådet å endre namnet til Loftesnes og Kjørnes naturreservat. Vi tilrår likevel namnet Loftesnes naturreservat. Meir om dette i tilrådinga. 

Brukarinteresser

Det er beite frå husdyr i den lågareliggjande delen av det foreslegne naturreservatet. Forskrifta opnar for beiting med beitedyr, samt utplassering av saltstein i samband med dyrehaldet. Forskrifta har også ei opning for å kunne vedlikehalde gjerde, og kunne søkje om oppsetting av nye gjerde dersom det er aktuelt i samband med husdyrhald. Dersom beitedyr blir sjuke eller skadde kan ein få frakta ut disse frå naturreservatet med motoriserte hjelpemiddel. Det er ingen skogsbil- eller traktorvegar, og størstedelen av skogen er vanskeleg tilgjengeleg dersom skogbruk hadde vore eit aktuelt alternativ for grunneigarane. Området er definert som ikkje drivverdig skogbruksområde jf. høyringsinnspel frå kommunen.

Det er ikkje registrert kulturminne i området i offentlege databasar, men det utelukkar ikkje at det kan være kulturminne i området. Disse vil kunne bli sett i stand i samråd med kulturminnemynde. Det er ikkje reindrift eller samiske interesser i området.

Ein av grunneigarane fortel at det er ein brønn på hans eigedom, men at lokaliseringa er uviss. Han ønskjer å kunne vedlikehalde brønnen dersom den blir funne att. Forskrifta opnar for vedlikehald av eksisterande anlegg, som til dømes denne brønnen.

Vest for verneområdet går ei 22 kV kraftlinje. Vernegrensa er no tilpassa 7,5 meter aust for vernegrensa, slik at det er mogeleg for Sygnir å halde linja ved like jf. det klausulerte ryddebeltet. Forskrifta inkluderer standardformuleringar knytt til kraftlinjer av dette formatet, slik at det er mogeleg å halde den ved like, drifte og handsame akutte utfall.

Det er ei lita jaktbu øvst på Loftesnesfjellet aust i tilbodsområdet. Hytta er nokre tiår gamal, har enkel standard og er mest i bruk om hausten under hjortejakta. Det vil være mogeleg å vedlikehalde hytta innafor forskrifta. Det er ein del hjort i dei tilgjengelege delane av Loftesnes, men ikkje meir enn at det er observert forynging av typiske beiteplantar som rogn, osp og selje. Det er aktiv hjortejakt på heile halvøya. Forskrifta opnar for å frakte ut jaktutbyte med beltegåande terrengkøyretøy, og jakt og fangst kan generelt fortsette uavhengig av eit vern.

Når det gjeld anna friluftsliv er det meste av området bratt og utilgjengeleg, men ytterkantane er i bruk. Det er ein sti i det nordvestlege hjørnet av reservatet som er avmerkt på vernekartet, langs denne er det mogeleg å sykle og ri. På Loftesnesfjellet, i austre del av tilbodsområdet, er det nokre godt brukte bålplassar. Dit er det populært å gå frå Kjørnes eller frå Sogndal for å få utsyn over bygda. Området som er avmerkt Hesteggi, som går litt inn i det føreslegne verneområdet i aust, er verdisett som Svært viktig i kartlegginga av verdifulle friluftsområde. Det er opning i verneforskrifta for å brenne bål med nedfallskvist eller med medbragt ved. Når fossane er frosne i kuldeperiodar er det observert isklatring innanfor det tilrådde verneområdet. Kommunen meldte etter høyringsfristen at det er to startområde for luftsport nær den tilrådde vernegrensa, men vi har ikkje lukkast å få kartfesta disse.

Det er eit pågåande arbeid med kommunedelplan for området Loftesnes-Kaupanger i samband med ny riksveg 5 (planområdet er markert med svart, stipla linje, sjå figur 3). Statens vegvesen planlegg arbeidet ferdig i løpet av hausten 2021. Grunna dette arbeidet kan det bli forseinkingar i verneprosessen, og det kan også bli justeringar i avgrensinga på kart. Dette vil bli avklart undervegs i prosessen fram til kongeleg resolusjon.

Den svartstipla linja syner arealet for kommunedelplan-arbeidet med ny trase for riksveg 5.
Den svartstipla linja syner arealet for kommunedelplan-arbeidet med ny trase for riksveg 5. Foto: Skjermklypp frå Statens vegvesen.

Endringar under behandlinga av verneplanen  

Det har ikkje vore vesentlege grenseendringar i løpet av den formelle verneprosessen. Vi justerte grensa med ein marginal meter langs traseen til kraftlinja, slik at grensa går langs det klausulerte ryddebeltet på 7,5 meter frå mastepunktet til Sygnir. Statens vegvesen (SVV)  ber om ei meir vesentleg justering av grensa der det kan være aktuelt med tunellpåhogg og sikringssone.

SVV ønskjer at verneprosessen stoppar opp inntil kommunedelplanen for området Loftesnes – Kaupanger er ferdig. Etter råd frå Miljødirektoratet har vi likevel jobba vidare, slik at verneprosessen og planarbeidet kan gå som tilnærma parallelle prosessar. 

Etter innspel frå SVV om usikkerheit knytt til vegtrase og rassikringssone i samband med eit framtidig tunellpåhogg la vi til ei ny formulering i verneforskrifta etter høyringa. Naudsynt sikringsarbeid i samband med førebygging av skred og ras ned mot busetnad og veg ligg no inne i tilrådd verneforskrift § 7 h, samt opning for motorferdsle i samband med slikt arbeid i § 7 i.

I oppstart og høyring var formuleringa knytt til beiting i verneområde slik: Beiting med eit beitebelegg som ikkje skadar verneverdiane. Vi har endra dette til Beiting, i tråd med standard formulering for frivillig skogvernområde.

I oppstartsfasen vart det feilaktig opna for, i § 7 h, for motorferdsel i samband med aktivitetar etter § 4 d (mobile jakttårn) og e (rydding av småbusk i samband med jakt). Dette vart, i høyringsfasen, retta til motorferdsel i samband med aktivitetar etter § 4 f (store rovdyr) og g (vedlikehald av anlegg og innretningar).

NVE gav innspel om at sjølv om vernegrensa ligg utanfor kraftlinja , så trengs ei opning i verneforskrifta for drift, vedlikehald  og akutt utfall av linjenettet, samt motorisert ferdsle i samband med dette arbeidet. Vi har no lagt til opningar i verneforskrifta i samsvar med innspela og i tråd med standardformuleringane for kraftanlegg inntil verna område.

Det er bratt i dei største delane av tilbodsområdet på Loftesnes. Steinsprang er ikkje uvanleg i dei bratte liane. Trea ber preg av skadar frå ramlande stein, og bidreg med å stoppe dei frå vidare ferd ned lia. Sår i trea gjev også grobotn for sopp, lav og insekt.
Det er bratt i dei største delane av tilbodsområdet på Loftesnes. Steinsprang er ikkje uvanleg i dei bratte liane. Trea ber preg av skadar frå ramlande stein, og bidreg med å stoppe dei frå vidare ferd ned lia. Sår i trea gjev også grobotn for sopp, lav og insekt. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Forvalting, økonomiske og administrative konsekvensar  

Det er enkelte, små bestandar av gran i det tilrådde naturreservatet, og ei begynnande spreiing av frøplantar. Vi kan likevel ikkje sjå at det er knytt store utgifter til fjerning/ringbarking av desse. Utgangspunktet for å oppretthalde verneverdiane i det tilrådde verneområdet er at skogen skal få utvikle seg utan nemneverdig skjøtsel.

Det vil vere eit ordinært oppsyn i området i regi av Statens naturoppsyn (SNO). Forvaltningsstyresmakta må sørgje for tilgjengelege ressursar for administrasjon av området, til dømes ved handsaming av dispensasjonssaker og oppfølging av naturoppsynet.

Merknader til verneforslaget  

Oppstart og høyringsbrev for verneområdet er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dette brevet. I tillegg til utsending av oppstart - og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden til Statsforvaltaren i Vestland, og kunngjort i Porten og Sogn Avis.  

Oppstart vart meldt 1. februar 2021, og høyringa vart lagt ut den 9. april 2021. Det kom inn totalt 13 uttaler til verneforslaget innan fristane, og i tillegg kom eitt etter høyringsfristen. Vi har valt å inkludere innspelet som kom etter fristen i dette dokumentet. Ingen av desse har vore direkte kritiske til vern, men det har komme innspel til progresjonen i verneprosessen og til endring av vernegrensa. Ei oppsummering av innspela ligg i tilrådinga til høgre.

Sopp og lav veks godt på trea i det tilrådde naturreservatet på Loftesnes. Dei har ofte spesifikke krav til leveområde, og det er sjeldan tilfeldig kor enkelte slår seg ned. Insekt er også avhengig av tre i alle livsfaser, og død ved er som reine burettslag å rekne.
Sopp og lav veks godt på trea i det tilrådde naturreservatet på Loftesnes. Dei har ofte spesifikke krav til leveområde, og det er sjeldan tilfeldig kor enkelte slår seg ned. Insekt er også avhengig av tre i alle livsfaser, og død ved er som reine burettslag å rekne. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Vurdering etter naturmangfaldlova   

Etablering av Loftesnes naturreservat i Sogndal kommune vil sikre naturmangfaldet i dette området mot fysiske inngrep, jf. naturmangfaldlova § 8. Det har særs positiv betyding for artsmangfaldet her, ettersom fysiske arealinngrep er dokumentert å vere det største trugsmålet mot naturmangfald både globalt og lokalt i Norge.   

Ivaretaking og vidare naturleg utvikling av naturmangfaldet i naturreservata vil også kunne fungere som ei kjelde for å styrke populasjonar av plante- og dyreartar utanfor reservatgrensene, jf. naturmangfaldlova § 10 om samla belastning. På den andre sida av Sogndalsfjorden ligg Stedjeberget naturreservat. Her er også sjeldne artar knytt til liggjande ved av gamal, storvakse lind.

Med bakgrunn i at vernet berre vil gje positive effektar på naturmangfaldet, vel vi å ikkje vurdere §§ 8-12 nærare (jf. rettleiar om naturmangfaldlova kap. II 2016). 

Saksbehandling  

Loftesnes vart første gang registrert i Naturbasen i samband med naturtypekartlegginga for Sogndal kommune i 2000 og er vurdert til å ha nasjonal verdi (A-lokalitet).

I tillegg til utsending av oppstarts - og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring kunngjort i Sogn Avis og Porten, i tillegg til nettstaden vår. Det er Norskog som har hatt dialogen med oss på vegner av grunneigarane.

Heimelsgrunnlag

Loftesnes blir tilrådd verna i medhald av lov av 19. juni 2009 nr.100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldlova). I lova er det gitt heimel for oppretting av ulike vernekategoriar i §§ 35 til 39. Generelle mål for områdevern følger av naturmangfaldlova § 33. Føremålet med det enkelte verneområdet må bli skildra konkret og bli knytt opp mot forskrifta som gjeld den enkelte vernekategori i §§ 36 og 37. Naturreservat er den strengaste forma for vern etter naturmangfaldlova.

Statsforvaltaren si tilråding

Statsforvaltaren i Vestland tilrår oppretting av naturreservatet Loftesnes i Sogndal kommune. Vernekart og verneforskrift ligg til høgre i denne nettsaka. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.