Utviding av Jotunheimen nasjonalpark

To fjellklatrarar i morgondis på ein fjelltopp
Dyrhaugstindane helsar morgonsola velkomen i grenseområdet mellom Luster og Årdal. No er vi i gang med å utvide nasjonalparken. Foto: Halvor Røssum.

Vi jobbar med utviding av Jotunheimen nasjonalpark, både i Vestland og i Innlandet. Her finn du informasjon om oppdraget vårt og korleis vi skal jobbe framover. 

Vi har fått i oppdrag å starte prosessen med å utvide Jotunheimen nasjonalpark. Oppdraget gjekk i fyrste omgang ut på å avklare om det var lokal aksept for å starte ein formell prosess med mål om å utvide nasjonalparken. Luster, Årdal, Vågå og Øystre Slidre var dei kommunane rundt Jotunheimen som gav sin aksept til å starte ein utvidingsprosess. 

Vi har no meldt oppstart av arbeidet med utviding av verneområdet. Dette inkluderer både heilt nye område utanfor dagens Jotunheimen nasjonalpark og endring av verneform på delar av Utladalen frå landskapsvern til nasjonalpark. Dette arbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing. 

Statsforvaltaren i Innlandet og i Vestland har til no hatt litt ulik framdrift i prosessen, men frå hausten 2025 vil arbeidet vere samordna og skje parallelt i dei to fylka. 

Til høgre kan du sjå dei ulike stega i verneprosessen. Den oransje knappen er der vi er no, der kan du lese oppstartsmeldinga. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.