Klimaprofitørar og klimaflyktningar

Sølvkåpe, ein art som trivst best i varme og tørre dalstrøk.
Sølvkåpe, ein art som trivst best i varme og tørre dalstrøk. Foto: Tore Larsen.

Klimaendringar vil påverke kva artar som finst i naturen rundt oss i framtida, og det ser ut til at endringar allereie er på gang. Nokre artar tener på eit endra klima, mens andre får problem. Endringane kan bli store.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.06.2022

Sommarfuglen på biletet over er ei sølvkåpe, ein sol- og varmekrevande art som i Noreg stort sett finst i dei tørraste delane av Gudbrandsdalen og Hallingdalen, og elles streifar litt rundt når det er tørre og varme somrar. Vestlandsklimaet har ikkje falle særleg i smak, og i vårt fylke har den berre blitt funne to gonger: Eitt eksemplar i Granvin i 1913, og eitt i Øvre Årdal i 1938.

Det var vel å merke inntil i fjor. Ettersommaren var varm og svært tørr, og 83 år etter førre funn på Vestlandet dukka ei sølvkåpe opp ved Rud i Leikanger i september. Eksemplaret bar preg av å ha vore på vengene ei stund, og har nok tatt turen frå dalstroka innanfor. Den mest nærliggande konklusjonen var at det dreidde seg om eit enkeltindivid som tilfeldig hadde hamna på Vestlandet i ein tørkeperiode. Vanlegvis vil slike individ på avvegar etter ei stund døy utan å etterlate seg spor. 

Men i dette tilfellet har tydelegvis lokalklimaet falle i smak. I år dukka det nemleg opp ei ny sølvkåpe 16. april, denne gongen ved Slinde to mil lenger aust. Sjølv om det var varme dagar vestpå, var det likevel så tidleg på året at det framleis var snøføre på fjellovergangane. At det kunne vere ein ny utvandrar austfrå var dermed svært lite sannsynleg, faktisk var dette den nest tidlegaste registreringa av arten i Noreg gjennom alle tider. Det måtte vere snakk om ein nyklekt, innfødd sogning, og altså må meir enn eitt individ ha vore på ferde ved Sognefjorden året før. 

Tilfeldig eller ikkje tilfeldig?

Slike enkeltobservasjonar kan vere reine tilfelle. Men så skjer det igjen: Eit tredje eksemplar dukka opp i Lærdal 6. juni i år. Og som for verkeleg å demonstrere at klimaet vestpå no har blitt akseptabelt sjølv for dei mest tørke- og varmekrevande blant oss, flaug denne sølvkåpa rundt og la egg...

Tore Larsen

Eggleggande sølvkåpe, Lærdal 6. juni 2022. Foto Tore Larsen

Den siste tida har også andre sør- og austlandske sommarfuglar dukka opp i Vestland fylke. Så tidleg som 14. april blei sørgekåpe sett to ulike stader i Lærdal. Dette er ein annan art som kan vandre litt utanfor kjerneområdet sitt i søraust, men neppe tidleg i april. Arten overvintrar som vaksen, og har dermed truleg overvintra i Lærdal. 

Tore Larsen

Sørgekåpe observert i Lærdal 14. april 2022. Til no har den vore vanleg på Sør- og Austlandet, men er den på veg til å etablere seg i Vestland og? Foto Tore Larsen

Sommarfuglar er organismar som kan reagere raskt på endringar i klimaet. Mens meteorologane studerer gjennomsnittstemperaturar og lagar klimamodellar over lange tidsperiodar, føler insekta tilhøva her og no direkte på kroppen, og fungerer som gode indikatorar på klimaendringar over kort tid. Men det er likevel ikkje til å kome utanom at både talet på observerte sommarfuglar og talet på menneske som ser etter dei er aukande. Det er derfor vanskeleg å slå fast om det verkeleg er slik at dei varmekrevande sommerfugane spreier seg til nye område i like stort omfang som det kan sjå ut til, eller om vi berre er fleire til å oppdage dei. 

Fugleartar i spreiing

Slik er det ikkje med fuglane. Gjennom fleire tiår har mange entusiastiske ornitologar farta land og strand rundt og registrert fuglelivet. Det er derfor liten tvil om at fleire søraustlege artar er under spreiing nord- og vestover. Pilfinken er ein av dei.

Tore Larsen

Pilfinken har auka utbreiingsområdet sitt mykje dei siste to tiåra. Foto Tore Larsen

Før hundreårsskiftet var pilfinken ein typisk austlending, og innanfor det området som no er kjent som Vestland fylke, var den berre funne hekkande i Sveio. I løpet av to tiår har arten spreidd seg til alle fylka i landet.

Artsdatabanken

Funn av hekkande pilfink i Noreg før 2000 (venstre) og etter 2000 (høgre). Data frå Artsdatabanken.

Tore Larsen

Kjernebitaren er relativt ny som Vestlending. Foto Tore Larsen

Kjernebitaren har hatt mykje av den same utviklinga, og er i dag ein ganske vanleg fugl på fuglebretta i Vestland vinterstid. Den lever eit mykje meir skjult liv enn pilfinken i hekketida, men er likevel funnen hekkande i alle fylka i Sør-Noreg dei siste åra.

Artsdatabanken

Funn av hekkande kjernebitar i Noreg før 2000 (venstre) og etter 2000 (høgre). Data frå Artsdatabanken.

Tore Larsen

Stillits. Foto Tore Larsen

Stillitsen kan også nemnast blant fugleartane som profitterer på aukande temperatur. Før hundreårsskiftet fanst den berre hekkande rundt Oslofjorden, men i løpet av dei siste tiåra har den spreidd seg langs kysten til Vestland fylke, og har også dukka opp i Trøndelag.

Nokre vil kanskje seie at fugleartar har spreidd seg og minka igjen mange gonger tidlegare. Men mange fleire enn desse tre kunne blitt nemnte, og vi har nok aldri før sett ein så markert auke i utbreiinga av typisk søraustlege artar som i løpet av dei siste to tiåra.

Sjøfuglar: Klimabetinga tilbakegang?

Det er likevel ikkje slik at alle fuglar er inne i ein periode med auke i individtal og utbreiing. For dei fleste sjøfuglane går det den motsette vegen, i alle fall talmessig. Historiske data tilseier at det aldri har vore så lite sjøfuglar i Sør-Noreg som no. På våre kantar er det ingen tvil om at årsaka er næringsmangel, men sjølv om forvaltinga av viktige fiskeslag i Nordsjøen har blitt betre med åra, hjelper ikkje det sjøfuglane. Ei forklaring det har vore mykje merksemd om dei siste åra, er at aukande havtemperatur har påverka tidspunkt og omfang av produksjonen av små krepsdyr som er viktig småfiskmat. Fiskeyngelen kjem derfor ikkje inn langs kysten som før, og sjøfuglane finn ikkje mat til ungane. Også for sjøfuglane er det dei siste par tiåra vi har sett dei største endringane.

Tore Larsen

Eit etter kvart sjeldant syn på Vestlandet: Den ein gong så talrike gråmåsen får no fram så få ungar at hekkebestanden har minka med 80 prosent sidan hundreårsskiftet. Arten har nyleg blitt raudlista som sårbar i Noreg. Foto Tore Larsen

Artar i fjellet tapar terreng

I høgfjellet lever fleire artar som kan bli, og dels allereie er, pressa av klimaendringar. Fjellreven er under press frå raudreven, som etablerer seg stadig høgare til fjells og både konkurrerer om hi og næring, og også tar livet av den mindre fjellreven. Fjellreven kan i liten grad flykte unna ein aukande raudrevbestand, ettersom den lever i alpine område og knapt kan ta nye område i bruk. Oppover i høgda er det ikkje mye å gå på. 

Tore Larsen

Fjellreven var heilt på kanten av utrydding i Noreg, men har fått hjelp til å nyetablere seg i gamle hiområde gjennom avlsprosjekt og støttefõring. Verknadane av eit klima i endring kan det bli verre å gjere noko med. Foto Tore Larsen

Issoleia har det same problemet, og har allereie blitt ein klimaflyktning. Den er den karplanten i Noreg som veks høgast til fjells. I løpet av dei siste 50 åra har den i stor grad forsvunne frå det som tidlegare kunne karakteriserast som lågalpint terreng i Noreg. No har mykje av dette området begynt å endre karakter, og issoleia har fått ei meir avgrensa utbreiing høgare til fjells.

Tore Larsen

Issoleia er den karplanten i Noreg som veks høgast til fjells. Den har med åra fått eit meir avgrensa areal å leve på. Foto Tore Larsen

Mot gode tider for hagerømlingane

Men også hos plantane er det artar som profitterer på klimaendringane, og mange av dei har ei historie som hageplantar. I oldemors hage veks dei som innførte sommarblomar frå fjerne himmelstrøk, men med åra har mange av dei spreidd seg utanfor hagegjerda og blitt "hagerømlingar" som etablerer seg i norsk natur. Mange av desse drar nok nytte av eit varmare klima, og har begynt å ta opp kampen med heimlege artar. Nokre, som kjempespringfrø frå Himalaya, kan formeire seg med frø i det klimaet vi har no, og er i rask spreiing.

Tore Larsen

Kjempespringfrø på ein typisk veksestad, ein vegkant. Foto Tore Larsen

Andre, som parkslirekne frå Japan, blomstrar så seint hos oss at den berre kan spreie seg vegetativt. Den har likevel fått godt fotfeste utanfor hagegjerda gjennom den omfattande dumpinga av hageavfall og flytting av jordmassar som skjer overalt, og har spreidd seg på den måten. Mange andre innførte planteartar blomstrar også seint i sesongen, og klarer ikkje å produsere spiringsdyktige frø hos oss. Eit varmare klima kan endre på dette. Det blir sagt at frøproduksjon til og med hos parkslirekne skal vere registrert på Austlandet dei siste åra.

Klimaforskarane sine prognosar for framtida peikar mot eit varmare, våtare og villare klima. På Vestlandet er det vått og vilt nok frå før, så det blir kanskje temperaturauken som vil gje dei største utslaga på naturen rundt oss. Det vil truleg kome mange nye artar, både på godt og vondt, mens andre vil forsvinne. Det mest synlege teiknet på det siste ser vi hos sjøfuglane, som allereie er godt på veg til å bli eit minne for dei eldste av oss.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.