Tøffe tider for sjøfuglane

Havhesten er borte, tjuvjoen er redusert til nokre få individ, og krykkjene på biletet har blitt så få at dei har forlete koloniane i fuglefjella. Ein ny rapport viser at sjøfuglane i Sogn og Fjordane ikkje har klart å bygge seg opp igjen, snart 20 år etter at bestandane kollapsa på grunn av næringsmangel. Foto Tore Larsen Foto: Tore Larsen.

Statsforvaltaren har gjennom fleire tiår følgd den negative utviklinga av sjøfuglbestandane i Vestland fylke, og no ligg det føre ein samlerapport for perioden 2014-2020. Fleire artar står i fare for å forsvinne frå fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.12.2021, Sist endra 27.12.2021

Miljøbelastingane i Nordsjøen er mange, og sjøfuglane er blant dei beste indikatorane på tilstanden i havet. Når det skjer noko som påverkar miljøforholda på ulike trinn i næringskjeda, får det fort synlege følgjer for dei som sit øvst og er avhengige av at alt fungerer på trinna under.

Med bakgrunn i meldingar om at det var lite fugl å sjå i sjøfuglkoloniane, gjennomførte dåverande Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Statens naturoppsyn i 2004 tellingar av hekkande fuglar i sjøfuglreservata i fylket. Det blei raskt klart at tilstanden for sjøfuglane var langt dårlegare enn den hadde vore ved førre telling berre fire år tidlegare, og tellingane blei vidareført på årleg basis. Ein samlerapport for tiårsperioden 2004-2013 viste at det hadde skjedd ein brå nedgang for nesten alle sjøfuglartane i Sogn og Fjordane etter hundreårsskiftet, og at hekkebestandane heldt seg på eit vedvarande lågt nivå. Den nye rapporten for 2014-2020 viser få teikn til betring, og vi reknar med at situasjonen er om lag den same også i andre delar av Vestlandet.

image3k6ii.png

Retur til SNO-båten etter telling av skarvereir i Utvær naturreservat. Foto Tore Larsen

Hekkebestandane av sjøfugl i verneområda langs kysten av Sogn og Fjordane blei talt opp også på 1980- og 1990-talet, og det store samanbrotet kom like etter hundreårsskiftet. I 2003 og 2004 kom det nesten ingen sjøfuglungar på vengene rundt heile Nordsjøen. Tala frå Sogn og Fjordane viser at sjøfuglane ikkje har klart å bygge opp igjen hekkebestandane i nemneverdig grad etterpå. Sjølv i dag, nesten 20 år etter samanbrotet i Nordsjøen, er den samla hekkebestanden av sjøfugl framleis berre 20 % av det den var før hundreårsskiftet.

Sjøfuglutvikling alle artar minus lunde 2014-2020.jpg

Figuren over viser utviklinga av tal hekkande par sjøfuglar i Sogn og Fjordane frå 1982 til 2020. Ei avgrensa telling i 2000 viste at hekkebestandane framleis var i godt hald då, men fordi delar av fylket mangla er telleresultatet frå det året ikkje inkludert i figuren.

Lundefuglen utgjer halvparten av alle sjøfuglane i Sogn og Fjordane, og for å få betre fram utviklinga for dei andre sjøfuglartane er lunden ikkje inkludert i figuren over. Den har hatt ein litt meir gradvis nedgang enn dei andre artane:

Sjøfuglutvikling lunde 2014-2020.jpg

Årsaker til nedgangen

Det er liten tvil om at den brå bestandsnedgangen like etter hundreårsskiftet kom som eit direkte resultat av næringsmangel. Dette er einaste moglege forklaring når store hekkebestandar bryt saman på kort tid over eit så stort område som rundt heile Nordsjøen. Kvifor næringsmangelen oppstod, og kvifor sjøfuglbestandane våre ikkje har klart å bygge seg opp igjen etterpå, kan det derimot vere fleire forklaringar på.

Sjølve kollapsen kom like etter at fleire viktige fiskebestandar i Nordsjøen hadde brote saman. Havforskingsinstituttet sette fokus på eit uregulert overfiske av såkalla "industrifisk", og peikte på fangstar på over ein million tonn berre av tobis i åra like før kollapsen. Desse artane står sentralt i økosystemet i Nordsjøen og er viktig næring for andre fiskeslag, som på si side er næring for sjøfuglane når yngelen følgjer kyststraumen nordover.

I tillegg kan det vere andre påverknader på ein meir lokal skala, men desse druknar i det store biletet.

Når hekkebestandane av sjøfugl i Vestland no har vore stabilt små over ein periode på snart 20 år, kan vi ikkje lenger snakke om "naturlege svingingar". Frå naturen si side er sjøfuglane tilpassa variasjonar i næringstilgangen ved at dei lever lenge og dermed får mange sjansar til å formeire seg, men dei konstant dårlege tilhøva vi har sett hos oss over heile sjøfuglgenerasjonar fører no til manglande rekruttering og ei påfølgjande forgubbing av bestandane.

imagelpd6q.png

Ærfuglen er eit godt døme på ein art der "forgubbing" held på å bli eit vesentleg problem. Arten et ikkje fisk, men når fisken forsvinn blir ærfuglungane sett på som attraktiv naudkost for svoltne stormåsar. Dei siste åra har vi nesten ikkje registrert ærfuglungar under sjøfugltellingane. Foto Tore Larsen.

Ei mogleg forklaring på kvifor sjøfuglbestandane ikkje klarer å bygge seg opp igjen, kan ligge i at Nordsjøen sakte er i ferd med å bli ein grad eller to varmare. Fiskeyngelen som sjøfuglane et, fråtsar på si side i store mengder av det lille krepsdyret raudåte. Dette er ein type dyreplankton som formeirer seg på same tid av året som fiskelarvar og -yngel kjem drivande i vassmassene. No held Nordsjøen på å bli i varmaste laget for det som har vore den viktigaste arten dyreplankton hos oss, Calanus finmarchicus. Den ser ut til å trekke meir nordover, og blir erstatta av den sørlege Calanus helgolandicus, som gyt til ei anna tid på året. Fiskeyngelen finn dermed ikkje mat, og sjøfuglane finn ikkje nok fiskeyngel.

imagejkwl.png

For nokre artar er påverknadsfaktorane meir direkte enn hos andre. Havhesten flyg over store sjøområde og plukkar mat i overflata. Det fører til at den er utsett for få i seg plastpartiklar, som det blir stadig fleire av i havet. Ei ny undersøking viser at 92 % av undersøkte havhestar frå Nordsjøen hadde fått i seg plast. Rask forbrenning og liten mage fører til at systemet raskt blokkerast når magen blir fylt med plast. Den siste hekkande havhesten i Vestland blei registrert i 2013. Foto Tore Larsen.

Status for ulike artar 

I den gruppa vi vanlegvis reknar som sjøfuglar, er 14 funne hekkande i  Vestland fylke. Oversikta under viser prosentvis endring i hekkebestanden i Sogn og Fjordane frå 1995 (siste heildekkande telling før samanbrotet i sjøfuglbestandane) til den nyaste tellinga i 2020.

Raudlistestatus blir vurdert for kvar art på nasjonalt nivå, og gjeld dermed heile den norske bestanden under eitt. At det kan sjå ut til å vere dårleg samsvar mellom raudlistestatus og tilstand for nokre artar på Vestlandet, skuldast at arten kan ha ei meir negativ utvikling hos oss enn i andre delar av landet (eller omvendt). Raudlista opererer med desse kategoriane, i rekkefølgje med den alvorlegaste øvst:

  • Regionalt utdøydd
  • Kritisk trua
  • Sterkt trua
  • Sårbar
  • Nær trua

Havhest 
Hekka tidlegare i eit mindre tal område i Sogn og Fjordane, men har no forsvunne som hekkefugl. Siste kjente hekking i 2013. Endring i hekkebestand -100%. Raudlistestatus sterkt trua.

imagevrf5m.png

Toppskarv
Hekka før hundreårsskiftet i koloniar med opptil 300 reir, mens den største registrerte enkeltkolonien dei siste fem åra hadde 40 reir. Endring i hekkebestand -89%.  Ikkje raudlista.

image3x3w.png

Tjuvjo
Arten har eit levesett som gjer at den frå naturen si side er fåtallig, men nedgangen er likevel klår. På 80-talet blei det registrert rundt 60 individ ved tellingane, men dei siste ti åra har vi ikkje sett meir enn maksimalt to.  Kan truleg snart reknast som forsvunne frå fylket. Raudlistestatus sårbar.

imagek0mz9.png

Svartbak
Hekkar spreidd, men er likevel ein av dei mest utbreidde sjøfuglane langs kysten. Endring i hekkebestand -77%.  Ikkje raudlista.  

imagei49u6.png

Gråmåse
Den mest talrike av måsane, og den nest mest talrike sjøfuglen etter lundefuglen. Ein av artane med mest markert tilbakegang. Endring i hekkebestand -89%. Raudlistestatus sårbar.

imagef9204.png

Sildemåse
Ein av få artar med tendens til auke dei siste åra, men er fåtallig og konsentrert til eit mindre tal koloniar. Endring i hekkebestand -68%. Ikkje raudlista.

imagexttan.png

Fiskemåse
Ein tidlegare vanleg art, men tilbakegangen begynte allereie før 1995. Dette er måsen som oftast hekkar på hustak, da mange har gitt opp hekking på kysten og prøver seg i fjordane og andre stader med få naturlege hekkeplassar. Endring i hekkebestand -63%. Raudlistestatus sårbar.

imagespcb.png

Krykkje
Den einaste måsen som plasserer reiret på hyller i bratte fjellveggar. Har gitt opp hekking i fuglefjella og prøver seg no ved busette område nær havet. Tre hekkeplassar i Vestland. Endring i hekkebestand -93%. Raudlistestatus sterkt trua.

image68ga8.png

Terner
To artar som her blir behandla under eitt. På same måte som fiskemåsen hadde tilbakegangen allereie begynt før hundreårsskiftet, og begge artane har i kortare periodar vore borte frå fylket. Endring i hekkebestand -72%. Raudlistestatus for makrellterne sterkt trua, raudnebbterne ikkje raudlista.

imagew92b6.png

Alke
Hekkar hos oss i sørenden av utbreiingsområdet, og hekkebestanden har variert litt. Tendens til auke dei aller siste åra. Endring i hekkebestand -52%. Raudlistestatus sterkt trua.

Lomvi
Som alken hekkar lomvien hos oss i sørenden av utbreiingsområdet, og hekkebestanden har variert litt. Tendens til auke dei aller siste åra. Endring i hekkebestand -45%. Raudlistestatus kritisk trua.

blobid1.jpg

Lunde
Den mest talrike sjøfuglen i Vestland, men hekkar berre i to koloniar heilt nord i fylket. Klar tilbakegang over fleire tiår, men meir gradvis enn hos andre sjøfuglar. Endring i hekkebestand -68%. Raudlistestatus sterkt trua.

imagekxi7i.png

Teist
Skil seg frå dei andre alkefuglane ved å hekke parvis eller i små grupper. I klår tilbakegang allereie før 1995. Endring i hekkebestand -14%. Raudlistestatus nær trua.

image4bi7b.png

Nokre artar som finn maten sin på grunt vatn (fiskemåse, terner og teist) var allereie i tilbakegang før hundreårsskiftet, truleg på grunn av lokale faktorar som hadde begynt å gjere seg gjeldande i tareskog og fjøresone allereie før den generelle kollapsen i økosystemet i Nordsjøen. Fordi desse artane allereie var på retur i 1995, blir det mindre utslag på prosentvis reduksjon frå det året og fram til no.

Tala ovanfor skriv seg frå undersøkingar i sjøfuglreservata i Sogn og Fjordane, men tellingar i Hordaland viser at situasjonen er om lag den same i heile Vestland fylke. Med sterk og langvarig reduksjon i hekkebestandane av samtlege artar, og med ti av fjorten sjøfuglartar på den nye raudlista som kom i 2021, ser situasjonen dyster ut. 

Sjølv om vi ikkje veit sikkert kva årsakene er til at det no har gått snart 20 år utan at sjøfuglbestandane har klart å ta seg opp igjen, er det temmeleg sikkert at bestandane er så reduserte at dei vil trenge lang tid på å bygge seg opp igjen dersom næringstilgangen skulle betre seg. Men akkurat no er det lite som tyder på at det vil skje, og kanskje har klimaendringar og miljøbelastingar kome til eit stadium der det ikkje lenger er nokon veg tilbake? I så fall kan vi truleg ikkje gjere anna enn å venne oss til ein fattigare kyst, med ein skjergard utan ærfuglar og terneskrik.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.