Ville pollinerande insekt har fått sin eigen tiltaksplan

Raudknapp er ein populær blomster hos humlene. Mykje variasjon av blomsterfarger og former gir mat til mange ulike bier og humler. Dei blir tiltrekt av maten dei får i form av nektar og pollen, og som betaling flytter dei ofte plantepollen til neste blomster og hjelper dermed plantene å fullbyrde sin livssyklus.
Raudknapp er ein populær blomster hos humlene. Mykje variasjon av blomsterfarger og former gir mat til mange ulike bier og humler. Dei blir tiltrekt av maten dei får i form av nektar og pollen, og som betaling flytter dei ofte plantepollen til neste blomster og hjelper dermed plantene å fullbyrde sin livssyklus. Foto: Maria Knagenhjelm.

Det har vore dramatisk nedgang i insektbestandane globalt på få år. Ein av tre kritisk truga artar i Noreg er insekt. Den nye tiltaksplanen skildrar korleis vi kan ta betre vare på dei mangfaldige insekta våre, og at alle kan bidra litt.

Publisert 01.09.2021

Utan pollinerande insekt hadde det blitt lite eple, plommer, morellar eller blåbær. Dei skaffar oss frukt, bær, nøtter, ja, til og med sjokolade og kaffi! 

Det store biletet

Fleire forskningsartiklar syner ein sterk nedgang i insektbestandar globalt. FN peikar på at dei viktigaste trugsmåla mot naturmangfaldet er arealendringar, utslepp av miljøgifter, og dei pågåande klimaendringane. Trugsmåla rettar seg også mot norske økosystem, og summen av desse påverkar insekta våre i høgste grad. Noreg har om lag 17 000 insektartar, og over 1100 av dei er truga.

Pollinerande insekt leverer  økosystemtenestar av stor betydning og også med høg økonomisk verdi. Det er fleire enn bier (humle er ei bie!) som pollinerer, men også biller, maur og fluger bidreg til befrukting og frøsetting. Visste du til dømes at den viktigaste insektgruppa som pollinerer jordbær er spyfluger?
Pollinerande insekt leverer økosystemtenestar av stor betydning og også med høg økonomisk verdi. Det er fleire enn bier (humle er ei bie!) som pollinerer, men også biller, maur og fluger bidreg til befrukting og frøsetting. Visste du til dømes at den viktigaste insektgruppa som pollinerer jordbær er spyfluger? Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Av alle vurderte artar i Noreg (20 915) er 21 prosent raudlista. Dei truga artane utgjer 11 prosent. Dersom ein berre ser på bier og humler, er 30 prosent raudlista og 18 prosent truga, jamfør tal frå Artsdatabanken. Det tyder på at pollinerande insekt som gruppe både har ein større del raudlisteartar og ein større del truga artar, enn alle vurderte artar sett under eitt.

Tiltaksplanen skal gjelde for dei neste sju åra

Strategien for pollinerande insekt frå 2018 vert no følgd opp med ein 7-årig tiltaksplan (2021-2028), der 24 nye tiltak er skildra.

Tiltaka kan grupperast i tre kategoriar:

  • Auka kunnskap
  • Gode leveområde
  • Formidling

Ansvaret for gjennomføringa av dei ulike tiltaka er fordelt på ulike sektorstyresmakter, stat og kommune, frivillige organisasjonar, og på deg og meg!

"Alle som forvalter et areal kan gjøre noe for å bedre forholdene for humler, bier og andre insekter." Sitat frå tiltaksplanen, der seks statsrådar har signert.  

Død ved i alle aldre og nedbrytingsfasar er viktige leveområde i heile eller delar av livssyklusen til mange insekt. Visste du at enkelte bieartar byggjer reir i hulrom i død ved?
Død ved i alle aldre og nedbrytingsfasar er viktige leveområde i heile eller delar av livssyklusen til mange insekt. Visste du at enkelte bieartar byggjer reir i hulrom i død ved? Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Nettselskap har til dømes eit ansvar for at kraftlinetrasear kan fungere som spreiingskorridorar for pollinerande insekt. Vegstyresmakter har ansvar for at vegkantar kan fungere tilsvarande. Skognæringa har ansvar for å la død ved liggje att, sidan det er ein viktig del av livssyklusen for mange biller, teger og enkelte bier. 

Kva kan du og eg gjere? 

Kvar og ein av oss kan bidra til kunnskapsgrunnlaget ved å registrere og rapportere inn insekt. Har du sett eller lasta ned Artsorakel? Det er den nye appen du kan nytte til å lære kva ulike artar heiter. Om du er heilt sikker på kva du har observert kan du registrere funna dine på Artsobservasjoner.

La eit hjørne gro til i hagen! Då kan insektene få tilgang på mat og bustad samstundes som du kan la grasklypparen stå. Alle kan gjere litt for insektane, så hjelper dei oss tilbake med ein god frukt- og bærhaust.
La eit hjørne gro til i hagen! Då kan insektene få tilgang på mat og bustad samstundes som du kan la grasklypparen stå. Alle kan gjere litt for insektane, så hjelper dei oss tilbake med ein god frukt- og bærhaust. Foto: Maria Knagenhjelm.

Ein annan måte å bidra på er å la hagen gro til. Hald av eit hjørne utan så mykje stell og la det stå til! Her er ei oppskrift på korleis ta det med ro, la grasklypparen stå, og samstundes bidra til mat for flygande insekt.

Mange av tiltaka føreset ei sentral koordinering, og Miljødirektoratet skal i samarbeid med dei andre direktorata rapportere årleg til Klima- og miljødepartementet på status for gjennomføring av tiltaka. Med både nasjonale overvakingsprogram og tiltak i ulike sektorar kan ein sjå om vi kan betre livsvilkåra for insekta. 

Les tiltaksplanen i fana til høgre og finn ut kva som er din plass i denne dugnaden. Sjekk gjerne også ut tilskotsordninga for ville pollinerande insekt.

Bier og blomstrar treng kvarandre i eit spennande samspel der begge "tener" på samarbeidet med kvarandre. Slåttemark, som denne på høgdegarden Ormelid i Luster, har eit stort artsmangfald av blomster. Disse treng ville, pollinerande insekt for å kunne frø seg. Sjekk gjerne ut om det er ein slåttedugnad nær deg du kan delta på?
Bier og blomstrar treng kvarandre i eit spennande samspel der begge "tener" på samarbeidet med kvarandre. Slåttemark, som denne på høgdegarden Ormelid i Luster, har eit stort artsmangfald av blomster. Disse treng ville, pollinerande insekt for å kunne frø seg. Sjekk gjerne ut om det er ein slåttedugnad nær deg du kan delta på? Foto: Maria Knagenhjelm.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.