Tilskot til soner for pollinerande insekt (gjeld førebels kun for Lærdal kommune)

Blomsterrik turrbakke i Lærdal.
Blomsterrik turrbakke i Lærdal. Foto: Magnhild Aspevik.

Det kan søkast tilskot for å etablere eller skjøtte pollinatorvenlege soner på dyrka areal. Tiltaket gjeld berre utprøving i Lærdal kommune.

Publisert 21.04.2020, Sist endra 03.06.2021

Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vere gjødsla eller sprøyta med plantevernmiddel. Sonene må ha pollinatorvenlege blomster gjennom vekstsesongen. Ei sone skal vere minst to meter brei. I 2021 er det justeringar på godkjende frøblandingar. Det vert også innført skjøtsel av etablert blomstereng med stadeigne blomar. Tiltaket gjeld berre utprøving i Lærdal kommune.

Det kan søkast tilskot til to ulike soner

Sådde pollinatorvenlege soner: Så og skjøtte soner med pollinatorvenlege frøblandingar på fulldyrka areal som kan slåast og pløyast.

Naturleg blomstereng: Skjøtsel av naturleg blomstereng og «turrbakkar» med stadeigne blomar på areal som vert slått.

Ordninga gjeld for Lærdal kommune. Alle som vil søke på ordninga bør melde frå til kommunen i juni/juli. Då kan det gjennomførast synfaring for å sjå på effektar og utfordringar med ordninga.

Formålet med tilskotet er å betre livsgrunnlaget for ville pollinatorar i jordbruks-landskapet ved å ha eit mangfald av vekstar som aukar tilgangen på næring for insekta. Tilskotet er ein kompensasjon for kostnader til frøblandingar og arbeidet med å etablere / skjøtte sonene. Tiltaket må følgje fastsette skjøtselsråd. Sjå skjøtselråd og råd for frøblandingar under.

Sådde pollinatorvenlege soner

Det kan søkast tilskot både i etableringsåret og i påfølgande år dersom frøblandinga er fleirårig og pollinatorvenleg. Etableringa må vere på fulldyrka areal som kan slåast og pløyast. Krav om fulldyrka areal er sett fordi blandingane inneheld framande artar der spreiingsevna ikkje er undersøkt, og på fulldyrka areal kan uønska spreiing avgrensast med slått og pløying. Val av frøblandingar skal vere i samsvar med råda for Vestland.

Sona kan vere i frukthage, bærhage, åker og eng, og kan etablerast som striper inntil åkerkantar, vegar og steingjerde. Stripene må leggast slik at dei blir minst mogleg påverka av sprøyting med plantevernmiddel og gjødsling av dyrka mark som ligg inntil stripa.

Naturleg blomstereng

Dette gjeld areal med ein gode del «markblomstrar». Areala skal ha nokre av artane som er typiske for artsrike blomsterenger, til dømes prestekrage, blåklokke, raudknapp, gulmaure og tiriltunge. Tilskotet blir gitt per løpemeter av ei sone som er minst to meter brei, men den naturlege blomsterenga kan dekke eit større areal.

Det blir ikkje gitt tilskot til:

  • Areal som er dominert av vanlege eng-ugras som løvetann, soleier, tistel, høymole og hundekjeks.
  • Areal som er registrert i naturbase og som er mogleg å søkje tilskot for i ordninga slått av slåttemark.

Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats

  • Høg sats 50 kr per meter pollinatorvenleg sone, inntil 160 meter

(Etablering og skjøtsel av pollinatorvenlege soner på jordbruksareal i Lærdal kommune. Sats per løpemeter for sone som er minst to meter brei)

SKJØTSELRÅD

Sådde pollinatorvenlege soner

  • Ikkje bruk kjemiske plantevernmiddel, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Stripene skal ha pollinatorvenlege blomstrar gjennom vekstsesongen. Det må difor bli sådd artar som blomstrar til ulike tidspunkt gjennom sommaren og seinsommaren. Sjå tabell 1 for aktuelle frøblandingar som ein kan så på dyrka mark.
  • Slå arealet etter at dei fleste blomstrane er avblomstra, normalt i slutten av august. Insekta treng blomster som gir næring heile juli og august.
  • Dersom blandinga er fleirårig: la plantematerialet ligge i 2-4 dagar etter slått slik det får tørke og frøa fell ned på bakken. Men fjern det frå arealet etterpå.
  • Dersom ein sår ei fleirårig blanding, er det fare for at berre raudkløver og kvitkløver kjem igjen neste år. Dette vil ikkje vere allsidig nok til å gi pollinatorvenlege blomstrar gjennom vekstsesongen. Det kan då vere behov for å så ekstra frø om våren. Dette krev at vekstane som allereie står der ikkje konkurrerer for sterkt med dei som skal etablerast på nytt. Dei nye frøa må få god jordkontakt. Dersom ein har fått blomstrande ugras inn i sona, kan dette vere med på å oppfylle vilkåra til tilskotsordninga, slik at ein kan søke tilskot for stripa også året etter såing.

Naturleg blomstereng

  • Ikkje bruk kjemiske plantevernmiddel, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Slå arealet etter at dei fleste blomstrane er avblomstra, normalt i slutten av august. Insekta treng blomster som gir næring heile juli og august
  • Det bør slåast med lett, skjerande slåtteutstyr, avhengig av kva arealet toler. Det skal ikkje slåast lågare enn 7-10 cm for å skåne vitale plantedelar og insekt. Pussing med beitepussar blir ikkje rekna som slått.
  • Graset /høyet må fjernast frå arealet. Gras som blir liggande igjen vil ha gjødslingseffekt, til skade for den artsrike vegetasjonen. Daudgras vil i tillegg gje dårlegare spireforhold for plantene om våren, og det vil skape kjølegare og mørkare forhold der det vert vanskelegare for overvintrande insekt å klekke.
  • Ikkje jordarbeidd eller så andre vekstar på arealet.
  • I tillegg til slått kan sona bli beita i ein kort periode vår og/eller haust dersom det er gunstig for artsmangfaldet.

Tilrådde frøblandingar til sådde soner

SPIRE Insektvenn Strand nr. 71 Strand nr. 70
(Endra i 2021) (Ny i 2020) (Ny i 2020)
48 % rødsvingel
2 % engkvein
5 % rødkløver
7 % hvitkløver
7 % blodkløver
5 % tiriltunge
5 % esparsett
5 % agurkurt
10 % honningurt
3 % sikori
42 % Rødsvingel -fl. årig gras
5 % Engkvein -fl. årig gras
10 % Rødkløver -fl. årig
10 % Hvitkløver -fl. årig
5 % Luserne -fl. årig
3 % Karve -to årig
10 % Honningurt -ettårig
10 % Blodkløver -ettårig
5 % Vårrybs -ettårig
15 % Aleksandrinerkløver
15 % Blodkløver
14 % Perserkløver
17 % Bokhvete
10 % Honningurt
14 % Sneglebelg
15 % Lin
Fleirårig Fleirårig Eittårig

 

NB! Spire blomsterblanding (eittårig) frå Felleskjøpet er ikkje tilrådd då den inneheld mange ukjente/uønska artar.

Meir informasjon om frøblandingar til pollinerande insekt finn ein på nettsidene til Strand/Norgesfôr og Felleskjøpet Agri.

Om ein ynskjer å lage si eiga frøblanding er det t.d. aktuelt å nytte gras med svak vekst, ulike typar kløver og raps/ryps.