Fiskeforvaltning

Oppdatert 03.01.2022

Statsforvaltaren har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Statsforvaltaren samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Statsforvaltaren har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 13.06.2022

Vil du høyre siste nytt om Vossolaksen?

Statsforvaltaren inviterer til informasjonsmøte om Vossolaksen tysdag 21. juni klokka 17.00 - 20.00 i kulturhuset på Voss. 


Publisert 27.05.2022

Høyring av ny forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrom laksefisk og om nedsenking av garn i Vestland fylke

Vi legg fram forslag til ny forskrift. Frist for å gje uttale er 9. september 2022.


Publisert 10.05.2022

Ny fisketid i Lærdalselvi

Miljødirektoratet har vedteke endra fisketid i Lærdalselvi i Lærdal kommune. Fisketidene for laks og sjøaure i resten av fylket er uendra.


Publisert 22.02.2022

Høyring av ny fisketid i Lærdalselvi

Miljødirektoratet har sendt ut eit forslag til endra fisketid i Lærdalselvi i Lærdal kommune. Frist for å komme med fråsegn er 31. mars 2022.


Publisert 17.02.2022

Fangst av laks og sjøaure i 2021

I sesongen 2021 vart det fiska totalt 20 346 kg laks og 5 210 kg sjøaure, i elv og sjø i Vestland fylke. Av dette vart totalt 3 787 kg laksefisk tatt i sjølaksefisket.


Publisert 16.07.2021

Laksefisket i vassdrag og sjø i Nordfjord vert redusert

Grunna lite laks i vassdraga, reduserer Miljødirektoratet fisketida i vassdrag og sjølaksefisket i Nordfjord i 2021. 


Publisert 12.07.2021

Har du fått laks, sjøaure eller pukkellaks i sjøen?

Har du fått laks, sjøaure, pukkellaks eller regnbogeaure på stongfisket i sjøen? Då kan du rapportere fangsten inn på ei nettbasert rapporteringsløysing - di fangstdagbok på nett. 


Publisert 04.06.2021

Innfører fisketid i fredingssoner i Hordaland

Grunna til dels særs høge nivå av lakselus på sjøaure i Hordaland i år, innfører Statsforvaltaren fisketid på laks og sjøaure i fredingssonene i Hordaland. 


Publisert 25.03.2021

Nye fiskereglar for fiske av laks og sjøaure i vassdrag og sjø er vedtatt

Miljødirektoratet har vedteke nye forskrifter. Mange vassdrag i Vestland blir no stengt for fiske, og det blir ikkje lengre opna for sjølaksefiske på kysten sør for Finnmark.


Publisert 05.03.2021, Sist endra 05.03.2021

Skal du fiske i sjøen? Les dette først

Fiske i sjø er gratis og ope for alle, men nokre reglar må ein setje seg inn i før fisketuren. Frå 1. mars gjeld nedsenkingspåbod for garn, det er strengare reglar for fiske i fredingssonar, og alt fiske etter laks og sjøaure i Hardanger-fjorden er forbode frå 1. mars–30. april.