Endra tilskot for miljøvennleg gjødsling nær vassdrag
Regionalt miljøprogram har gode tilskotsordningar for gjødselhandtering. Frå i år er det endringar for kven som kan søke på tiltaka. Sjekk før vårgjødslinga om du kan søke!
Publisert 26.04.2023
Her er nokre sentrale endringar omtalt. Sjå fullstendige vilkår i lenke til tilskotsomtalane.
Kantsone i eng
Kvart føretak kan få tilskot inntil kr 22 500 for å halde større avstand til vassdrag ved bruk av husdyrgjødsel, mineralgjødsel og plantevernmiddel.
Nokre viktige endringar sidan i fjor:
- No er det mogleg å søkje tilskot i 91 nye område
- Nokre vassdrag frå tidlegare år er ikkje lenger med i ordninga
- Tiltaket gjeld enkelt-vassførekomstar med behov for jordbrukstiltak, sjå kart! Tidlegare var tilskotet vore knytt til heile vassdrag.
- I vassdrag med elvemusling gjeld tiltaket derimot framleis i heile nedbørsfeltet til vassdraget, altså langs alle elvar, vatn, bekkar og kanalar som drenerer til same elva
Spreiing av all husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen
Nær elvemuslingsvassdrag kan føretak få tilskot inntil kr 45 000 for å spreie all husdyrgjødsla innan 10. august. Ein kan i tillegg søkje om RMP-tilskot til kantsone i eng.
Nokre viktige endringar sidan i fjor:
- Tiltaket gjeld no berre føretak med mjølkekyr
- Ordninga er utvida med 5 elvemuslingsvassdrag
Nedlegging av husdyrgjødsel, nedfelling og spreiing med tilførselsslange
For desse tiltaka er det berre mindre endringar.
Kontaktpersonar
-
Martin Søgnen
Tlf: 57 64 30 79 -
Daniel Almhjell
Tlf: 55 57 21 50 -
Øyvind Vatshelle
Tlf: 55 57 21 78