Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2022

For deg som starta som LIS1 i kommunehelsetenesta september 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.07.2022

Her er ei oversikt over kurs for deg som skal vera LIS1 i Vestland hausten 2022:

Kurs i nødnett radiobrukar

Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde legg til rette for at de som tek kurs i akuttmedsin i Førde får tilbod om kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett radiobrukar vert halde som kveldskurs 6.9.2022, 18.00 til 21.00 i auditoriet ved Førde sentralsjukehus. Kurset og utgifter (reise, overnatting) knytt til dette kurset  må kommunane dekke for dykk. Arrangøren sender ut faktura i etterkant av kurset. Påmelding og informasjon om kurset finn de i Læringsportalen til Helse Førde .

Kurs knytt opp mot takstbruk og legemiddel

I tillegg vil Helfo arrangera eit digitalt kurs knytt opp mot takstbruk og legemiddel (blå resept) 13. september. Invitasjon til kurset blir sendt ut per e-post frå Helfo. 

Reiseutgifter

Vi dekker reiseutgifter tilsvarande rimelegaste reisemåte (andre reisealternativ må eventuelt avklarast med Statsforvaltaren på førehand). Fly må alltid avklarast med Statsforvaltaren på førehand. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. Sjå òg rettleiing honorar og reiser for eksterne.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.