Kurs i akuttmedisin for LIS1 Helse Førde

Dato:
7. september 2022 08:30 - 8. september 2022 15:30
Stad:
Førde sentralsjukehus
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
28. august 2022 23:59

Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i september 2022 og er ei blanding av teori og praksis.

Publisert 07.07.2022

Påmelding og informasjon finn du i Læringsportalen til Helse Førde.

Registrer ny brukar med ekstern profil

Om du har intern tilgang til Helse Førde sin Læringsportal frå tidlegare, må du ikkje melda deg på kurset via denne tilgangen. Tilgangen blir stengt ved kurstidspunktet, og du vil derfor ikke få viktig informasjon og dokumentasjon for gjennomføring av kurset. Registrer deg på ny med ekstern profil (sjå rettleiing), men skriv berre inn fødselsdato (ikkje heile fødselsnummeret). Systemet godtek ikkje to profilar som viser til same fødselsnummer.

Som tilsett i kommunehelsetenesta må du velja kommunesektor Sogn og Fjordane under «organisasjon» for å få tilgang til rett kurs. Kurset finn du i kurskatalogen. Utfyllande informasjon om kurset og korleis du loggar på læringsportalen finn du på Helse Førde si heimside

Obligatorisk forkurs

Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin før oppmøte. Lenke til kurset ligg under "kursets målbeskrivelse" i Læringsportalen til  Helse Førde. 

Reiseutgifter

Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og overnatting ved behov. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte. Du må sjølv legga ut for dette, og skriva det på reiserekninga. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. Dekking av overnatting dagen før kursstart må avklarast med Statsforvaltaren.

Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiing reiserekning. 

Dato:
7. september 2022 08:30 - 8. september 2022 15:30
Stad:
Førde sentralsjukehus
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
28. august 2022 23:59