Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 12.03.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir

snarveg

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 14.10.2019

Kompetansepakke for innføring av nytt læreplanverk er lansert

Opplæringsmateriellet skal støtte skuleleiarar og lærarar i arbeidet med å ta i bruk, tolke og forstå det nye læreplanverket.


Publisert 07.10.2019

Straks nye læreplanar for grunnopplæringa

Skulane bør sette seg inn i og drøfte overordna del av læreplanane. Dette fordi den omtalar grunnsynet som skal prege pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa i åra framover.


Publisert 29.08.2019

Karakterstatistikk for grunnskulen

Resultata for elevane som gjekk ut av 10. trinn våren 2019, er offentleggjorde. Avgangselevane i landet samla fekk i år 0,2 poeng meir enn dei som gjekk ut i fjor. Elevane i Sogn og Fjordane og Hordaland ligg over landssnittet.


Publisert 07.08.2019

Framleis mogleg å melde inn kandidatar til Dronning Sonjas skulepris

Fristen er 16. august 2019.


Publisert 04.07.2019

Førebelse eksamenskarakterar

Det er jamt over gode resultat på eksamen i grunnskulen våren 2019.


Publisert 01.07.2019

Retten til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning blir vidareført

Det vil også bli sett i gang forsøk i kommunar som vil organisere eit tilpassa og tilrettelagt tilbod på nye og betre måtar.


Publisert 12.06.2019

Høyringsfristen for nye læreplanar nærmar seg

Vil du gje innspel til forslaga til nye læreplanar, er høyringsfristen 18. juni.


Publisert 23.05.2019

Skulane sitt bidrag overfor elevane er rekna ut

Grunnskulane i Hordaland og Sogn og Fjordane har nokre resultat som ligg signifikant over landssnittet.


Publisert 22.05.2019

Mogleg streik: Lærarar som er sensorar for årets eksamenar skal framleis sensurere eksamenssvar

Sensoroppdraget er eit oppdrag som i sin heilskap er knytt til fylkesmannsembetet, og skal gå sin gang uavhengig av ein eventuell lærarstreik.


Publisert 30.04.2019

Tilskot til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

Ordninga skal sikre at fleire lærarar får ein god overgang frå utdanning til yrke.