Barnehagar, skular og SFO kan ha kortare opningstid

Hovudregelen er at skular, barnehagar og SFO skal gi eit tilbod på same måte som før stenging, men kan ha kortare eller fleksible opningstider dersom det er naudsynt for å ivareta krava til smittevern.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.04.2020

Barnehagar, skular og SFO som har kortare opningstid må framleis sørgje for tilbod til barn av foreldre i samfunnskritiske funksjonar og barn med særskilte behov.

For foreldre til barn som mottar tilbod i barnehage og SFO gjeld ordinære reglar om foreldrebetaling, uavhengig av tal timar tilbodet omfattar. Foreldra kan søke om moderasjon i foreldrebetalinga i barnehage og SFO på ordinær måte. Foreldre som held barna heime utan helsemessige årsaker, må betale eller seie frå seg plassen.

Les meir om dette på Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.