Barn og foreldre
Alle barn har rett på ein trygg og god barndom og oppvekst. Familien er den viktigaste kjelda til læring, omsorg, tryggheit og tillit. Samstundes har vi fleire lover som sikrar at det offentlege også kan bidra til beste for barna. I det daglege er det kommunen som skal sørge for barnets beste, men også fleire statlege styresmakter har oppgåver knytt til forholdet mellom barn og foreldre.
Nyhende om barn og foreldre
10.04.2025Livsmeistring for barn og unge
Vi inviterer til digital samling om korleis vi skapar gode livsvilkår og fremjar livsmeistring i kvardagen for barn og unge.
09.04.2025
E-læringskurs om plikta til å hindre ei straffbar handling
Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) lanserer eit e-læringskurs om plikta til å hindre ei straffbar handling for tilsette i helse- og oppvekstsektoren. Du kan følgje lanseringa digitalt 24. april.
09.04.2025
E-læringskurs om barnets beste og barns rett til å bli høyrt
Plikta til å vurdere barnets beste er slått fast i Grunnlova, men korleis gjer vi det?
26.03.2025
Alle barn og unge skal kunne delta i fritidsaktivitetar
Vi oppmodar kommunane i fylket om å utvikle lokale fritidserklæringar, slik at fleire barn og unge kan delta og medverke i fritidsaktivitetar.
20.02.2025
Digitale samlingar og nettverk om barnekoordinatorordninga
Jobbar du som barnekoordinator? Eller har du ansvar for barnekoordinatorordninga?
14.02.2025
Alvorleg utvikling på barnevernsinstitusjonar i 2024
Tilsyna med barnevernsinstitusjonar i Vestland viser ein auke i alvorlege hendingar og bruk av tvang. Dei viser at det tek lang tid før barn med komplekse vansker får nødvendig hjelp.
09.01.2025
Fleire manglar den raude tråden i folkehelsearbeidet
Tilsynet om det systematiske folkehelsearbeidet i Vestland viser at mange kommunar har merksemd på barn og unge si psykiske helse, men at det manglar ein del i det systematiske arbeidet.
09.01.2025
Avgjerd i tilsynssak syner at bekymringar om vald mot barn ikkje er følgt opp av barnevernstenesta
Statsforvaltaren har slått fast at kommunen ikkje har sørga for at barna fekk nødvendig vern og forsvarlege tenester til rett tid.
07.01.2025, Endra 28.02.2025
Webinar om psykisk helsehjelp for barn og unge i kommunen
Helsedirektoratet har laga ei webinarrekkje om psykisk helsearbeid for barn og unge, med utgangspunkt i den nasjonale rettleiaren.
30.10.2024
Nasjonal konferanse: Mange og mangfoldige
Tysdag 3. desember arrangerer Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sin årlege konferanse i høve FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel