Areal ute av drift

Kartløysing for areal ute av drift. Kjelde: NIBIO, Geovekst og Kartverket
Oppdatert 14.11.2022

Mykje areal kan synast å vere ute av drift i statistikk frå NIBIO. No vil kommunane og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sette lys på årsaker til dette og arbeide for at meir av jordbruksareala takast i aktiv bruk. Målet er å auke kunnskap om areala og følge opp driveplikta.

På denne sida kan du lese meir om

Bakgrunn for satsinga

Metoden

Korleis få areal attende i drift

 

Bakgrunn for satsinga

Statsforvaltaren vil i 2021 sette fullt trykk på «Areal ute av drift» og få med alle kommunane i fylket på ei satsing for å følgje opp driveplikta. Arbeidet er basert på NIBIO sine kartdata som syner areal som kan vere ute av ordinær jordbruksdrift for kommunane i Noreg. For Noreg sett under eitt syner statistikken til at 13,5 % jordbruksarealet kan vere ute av drift. For Vestfold og Telemark er tilsvarande tal 11,1 % (NIBIO, 2019). Variasjonen er stor frå kommune til kommune og vi treng meir kunnskap om areal ute av drift. Areala i fylket vårt er ulike og jordbruksdrifta er tilpassa lokale høve frå fjell til kyst. Arbeidet i prosjektet vil sette lys på årsaker til at areala eventuelt ikkje er i bruk og klassifisere dei etter tilstand. Målet er betre kunnskap om areala og målrette den lokale innsatsen for å få viktige areal attende i jordbruksdrift.

Metoden

Gjennom 2019 og 2020 har Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark jobba fram ein metode for å følgje opp areal ute av drift i kommunane. Dette har vore organisert som eit pilotarbeid. Arbeidet er gjennomført i samarbeid med tre kommunar; Vinje, Seljord og Horten. Dette har gitt kommunane eit klassifiseringsverktøy for å følgje opp desse areala og er utgangspunktet for arbeidet i hovudprosjektet.

Kartgrunnlaget er utvikla av NIBIO, og gir oversikt på areal som kan vere ute av drift basert på mangel på søknad om produksjonstilskot for det einskilde året. Dette gir ein grovmaska oversikt på eigedomsnivå. I mange høve må ein detaljere ned på teigar for å finne kor areal er i drift og ikkje. Denne jobben må gjerast av kommunen  som kjenner areala og lokale høve. Her har Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark utvikla ein metode for å jobbe digitalt i kart med NIBIO sine data. Det går ut på å sortere areal ute av drift etter tilstanden på den einskilde teig. Frå heilt ute av drift til i drift etter ei klassifisering. Målet er at ein får meir detaljert kunnskap om kva for areal som ikkje er i bruk og kan målrette innsatsen på desse.

Vil du sjå meir om klassifisering og registrering, sjå dokument og lenker til høgre.

Bileta under syner areal ute av drift med NIBIO sine data, før og etter klassifisering. Kjelde: NIBIO

Korleis få areal attende i drift

Det er eit viktig mål i prosjektet å gje kommunane gode reiskap til å handtere areal ute av drift. Det vil jobbast fram ulike verktøy for oppfølging av eigedomar og areal. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har jobba tett på fleire verktøy gjennom sitt drivepliktsprosjekt, og ein vil nytte erfaringar og verktøy som er utvikla her også. Foreløpig ser ein desse som viktige for prosjektet:

  • Auke kunnskap og fokus på areal gjennom klassifiseringa og vurdering av areal
  • Formidle kunnskap om driveplikta og verdiane av å halde jorda i hevd
  • Rettleie grunneigarar om eigen drift og moglegheiter for bortleige

Her vil ein kunne utvikle fleire verktøy i tida som kjem!


Publisert 07.07.2022

Endringer i kartet til areal ute av drift

Punktene i kartet er nå oppdatert med NIBIO sine analyser fra produksjonsåret 2021. Vi har fjernet alle punktene som ikke lengre stemmer med NIBIO sine analyser, og lagt til nye punkter (klasse x) der analysene viser mulig areal ute av drift (som ikke hadde slik status i 2019).


Publisert 29.06.2022

Erfaringar med prosjektet Areal ute av drift

Prosjektåret 2021 var hovudåret i satsinga på areal ute av drift i Vestfold og Telemark. Det er utarbeidd ein erfaringsrapport som oppsummerar arbeidet, vurderer resultata og vegen vidare. 


Publisert 04.02.2022

Etter ett år med full satsing på areal ute av drift – hvordan gikk det?

Har vi fått mer areal tilbake i drift?


Publisert 09.08.2021

Betre enn frykta på jordbruksareala

Satsinga «Areal ute av drift» syner at meir areal er i drift enn først avdekt. Telemark og Vestfold har om lag 4 % jordbruksareal. Det er lite samanlikna med det totale landarealet i fylket, det er i tillegg store skilnadar innad i fylket med variasjonar frå fjell til kyst. Jordbruksarealet er såleis ein svært avgrensa ressurs og ikkje fornybar.


Publisert 08.07.2021

Areal ute av drift- satsinga er i gong i kommunane

Kommunane i Vestfold og Telemark er no i gong med ei felles oppfølging av jordbruksareal som kan vere ute av drift i fylket.