Erfaringar med prosjektet Areal ute av drift
Prosjektåret 2021 var hovudåret i satsinga på areal ute av drift i Vestfold og Telemark. Det er utarbeidd ein erfaringsrapport som oppsummerar arbeidet, vurderer resultata og vegen vidare.
Publisert 29.06.2022
Arbeidet i kommunane har lagt grunnlag for at vi nå har fått ein auka kunnskap om tilstanden på areal som ikkje er i ordinær jordbruksdrift.
Arbeidet er på ingen måte ferdig, og vil følgast opp i kommunen si daglege forvalting og vere viktig oppfølging hjå Statsforvaltaren vidare. Vi vil likevel nytte høvet til å takke kommunane for engasjementet og innsatsen i arbeidet i eigen kommune og i prosjektet gjennom prosjektåret 2021.