Barn og foreldre

Alle barn har rett på ein trygg og god barndom og oppvekst. Familien er den viktigaste kjelda til læring, omsorg, tryggheit og tillit. Samstundes har vi fleire lover som sikrar at det offentlege også kan bidra til beste for barna. I det daglege er det kommunen som skal sørge for barnets beste, men også fleire statlege styresmakter har oppgåver knytt til forholdet mellom barn og foreldre.


Publisert 06.05.2021

Regjeringa vil gi kommunane større fridom i arbeidet med utsette barn og unge

Pilot for programfinansiering arbeider for å skape større fridom for kommunane i det tverrfaglege arbeidet deira for utsette barn og unge mellom 0-24 år. Fire fylke er med i forsøket. Vestfold og Telemark er eitt av dei. Frå fylket vårt deltek Bamble, Horten, Larvik og Siljan kommunar.