Barnevernsreforma

Barnevernsreforma har gitt kommunen meir ansvar på barnevernsområdet.  Reforma regulerer først og fremst barnevernet, men målet er å styrkje førebyggande arbeid og sikre tidleg innsats i heile oppvekstsektoren. Kommunen må derfor gjere endringar i heile oppvekstsektoren.

Ansvaret for barnevernet er delt mellom stat og kommune, og reforma har flytta meir av ansvaret over til kommunen. Bakgrunnen for flyttinga av ansvar er at kommunen har større nærleik til familiar og betre innsikt i behova til barn og familiar. Det overordna målet med reforma er at fleire utsette barn og familiar skal få den hjelpa dei treng, når dei treng det.

Mål med reforma

  • Kommunane skal styrkje arbeidet med tidleg innsats og førebygging
  • Hjelpa skal bli betre tilpassa behova til barn og familiar
  • Sikre rettstryggleiken til barn og familiar
  • Gjere ressursbruken og oppgåveløysinga i barnevernet meir effektiv

For å lykkast med reforma må kommunane sjå alle sine tenester retta mot barn, unge og familiar i samanheng. Samla sett er reforma derfor ei oppvekstreform.

Andre viktige endringar er:

  • Kommunen har fått eit auka fagleg ansvar, mellom anna eit heilskapleg ansvar for å følgje opp og rettleie fosterheimar.
  • Det økonomiske ansvaret til kommunen er større, noko som blir kompensert gjennom auke i rammetilskotet. Endringa motiverer kommunane til å jobbe førebyggande.
  • Kommunane får ei lovfesta plikt til å søkje etter fosterheim i barnets familie og nære nettverk.

Statsforvaltarens rolle

Statsforvaltaren har ei aktiv rolle i barnevernsreforma ved å støtte kommunane i deira arbeid. Reforma tok til å gjelde frå 1. januar 2022, og vi følgjer opp korleis kommunane gjennomfører reforma. Vi tilbyr rettleiing til kommunar som får problem med å overta dei nye ansvarsområda. 

Vis meir