Oversikt over lovendringar for tenester til barn og unge

Familie
Mor, far og et barn sitter sammen i gresset. Bildet er fotografert bakfra. Foto: Jarle Løv-Kjeldås / JLK Foto.

I samband med barnevernsreforma har det kome fleire lovendringar. Målet er å sikre at barn og unge får god hjelp til rett tid og at dei får eit heilskapleg tilbod.

Publisert 11.05.2022

Med barnevernsreforma som kom 1. januar har vi allereie fått endringar i barnevernlova. Det vil også komme endringar i velferdslovgjevanden frå 1. august, og heilt ny barnevernlov frå 1. januar 2023. Under finn du oversikt over dei aktuelle endringane.

Endringar i barnevernlova frå 1. januar 2022

  • Overordna ansvar er flytta til kommuneleiinga. 

Det er no tydeleggjort at det er den politiske og administrative leiinga i kommunen som har ansvar for at kommunen oppfyller sine plikter og oppgåver etter barnevernlova. Ordlyden var tidlegare at dette var leiar av barnevernstenesta si oppgåve. Dette går fram av § 2-1 i barnevernlova.

  • Krav om plan for det førebyggjande arbeidet. 

Det er no eit krav om at kommunestyret skal vedta ein heilskapleg plan for kommunen sitt arbeid med å førebyggje omsorgssvikt og åtferdsvanskar, jamfør § 3-1 i barnevernlova. Formålet er å bidra til ei overordna forankring av det førebyggjande arbeidet i kommunen, i tillegg er det tenkt som eit viktig verktøy for å sikre systematisk innsats for å legge til rette for heilskaplege tenester.

Samhandlingsplikta vil frå 1. august gå fram i 14 ulike lovverk

Det kjem endringar i velferdstenestelovgjevnaden 1. august 2022. Formålet med dei nye endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og deira familie gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.

Det vil gå fram i dei ulike lovene at tenestene skal samarbeide med offentlege instansar og andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Det er spesifisert at ved behov skal kommunen bestemme kva kommunal instans som har ansvar for samordninga. I Prop.100 L er det ei oversikt over forslaga til den konkrete ordlyden i dei ulike lovverka.

Barnekoordinator skal samle tenestetilbodet

Retten til barnekoordinator gjeld for familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og der barnet har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester.

Barnekoordinator skal koordinere det samla tenestetilbodet rundt familien og bidra aktivt for å vareta ansvaret kommunen har for oppfølging og tilrettelegging for familien. Barnekoordinator skal sørge for at familien og barnet får nødvendig informasjon og rettleiing om dei aktuelle velferdstenestene, og formidle kontakt og tilvise til velferdstenester der dette er nødvendig. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstenestelova § 7.2a (Lovdata), skal barnekoordinatoren sørge for samordning av tenestetilbodet.

Ny barnevernlov frå 1. januar 2023

I den nye lova er hovudendringane på områda som gjeld samvær og oppfølging av barn og foreldre etter omsorgsovertaking, barns rett til medverknad, lovfesting av krav til kompetanse, førebygging og tidleg innsats, regulering av bruk av private aktørar og barnevernsinstitusjonar. Det er ikkje endringar i mogelegheita til å bruke tvang eller gjere inngrep i barnets personelge fridom på institusjonar. Det er heller ikkje endringar i inngrepskriteria for barn som lever i alvorleg omsorgssvikt. Den nye lova i sin heilskap finn du på lovdata her, og i Prop. 133 kan du lese meir om den nye lova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.