Rettar og plikter ved samlivsbrot

Oppdatert 14.02.2024

Barnelova er ei lov om barn og foreldre. Lova gjeld for barn og unge under 18 år og regulerer mellom anna foreldra sine plikter overfor barna – og barna sine rettar overfor foreldra.

Barnelova har blant anna føresegner om fastsetjing av farskap, foreldreansvar og dagleg omsorg, samvær og foreldres plikt til å forsørgje barna sine. Fleire av føresegnene regulerer rettar og plikter når foreldra ikkje bur saman, til dømes dersom dei er separerte eller skilde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknader om separasjon og skilsmisse. 

Mekling og foreldresamarbeidsavtale
Økonomiske forhold mellom foreldre
Statsforvaltaren kan gjere avtalar bindande
Foreldre har rett til opplysningar om barnet

Mekling og foreldresamarbeidsavtale

Alle foreldre med felles barn under 16 år, må møte til mekling på familievernkontoret i samband med eit samlivsbrot. Målet med meklinga er å hjelpe foreldra med å lage ein skriftleg foreldresamarbeidsavtale. Ein skriftleg avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær kan førebyggje konfliktar og gjere at kvardag og feriar blir føreseielege for både barn og vaksne. Barnets beste skal vere utgangspunktet for kva foreldra blir samde om. Det er viktig at barn får høve til å gje uttrykk for sine behov før foreldra lagar eller endrar foreldresamarbeidsavtalen. Barn har rett, men ikkje plikt, til å seie si meining. 

Dersom foreldra ikkje blir samde, kan kvar av dei reise sak for domstolen for å få avgjort spørsmålet. Før nokon av foreldra kan reise sak for domstolen, må foreldra ha vore til mekling. Familievernkontorene kan svare på spørsmål knytt til mekling.

Økonomiske forhold mellom foreldre

Det økonomiske forholdet mellom foreldre er i utgangspunktet eit privatrettsleg forhold. Barn som har foreldre som bur langt frå kvarandre, må ofte reise for å ha samværet barnet har rett til. Som foreldre står de fritt til å fordele reisekostnader ved samvær slik de meiner er best. Den vanlegaste løysinga er å fordele reisekostnadene etter inntektene dykkar. Det betyr at den av dykk som har høgast inntekt, dekkjer ein større del av reisekostnadene enn den som har lågast inntekt. I nokre tilfelle kan de be Nav om å fastsetje fordelinga av reisekostnader, men det må vere særlege grunnar til at Nav skal fastsetje fordelinga. Det held ikkje at de som foreldre er usamde om fordelinga. Særlege grunnar kan til dømes vere store inntektsskilnader mellom dykk, samtidig som reisekostnadene er høge.

Statsforvaltaren kan gjere avtalar bindande

Statsforvaltaren kan gjere ein skriftleg avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær juridisk bindande (gi den tvangskraft). Begge foreldra må vere samde om administrativ behandling hos Statsforvaltaren. Foreldra kan også bringe saka inn for domstolen.

Foreldre har rett til opplysningar om barnet

Foreldre som ikkje har foreldreansvar, har etter barnelova likevel rett til opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialtenesta og politiet. Viss du blir nekta opplysningar om barnet ditt, kan du klage til den instansen som har gitt deg avslag på kravet om opplysningar. Statsforvaltaren er klageinstans, men du skal sende klagen til den instansen som har gitt deg avslag. Du skal sende klagen dit for at forvaltningsorganet eller instansen skal få høve til å gjere ei ny vurdering.  Dersom barnehage, skule, helse- og sosialtenesta eller politiet ikkje endrar vedtaket sitt etter at du har klaga, skal det innklaga organet raskt sende klagen vidare til oss.

Barnehage, skule, helse- og sosialtenesta og politiet kan nekte å gi ut opplysningar dersom det kan vere til skade for barnet.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.