Fri rettshjelp

Oppdatert 23.05.2023

Fri rettshjelp er advokathjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. Døme på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp. Ta kontakt med Statsforvaltaren eller ein advokat for å få fri rettshjelp.

Inntekts- og formuesgrense

For å få fri rettshjelp må du ha ei bruttoinntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Frå januar 2023 er inntektsgrensa for einslege 350 000 kroner, og grensa for ektefeller og sambuarar er 540 000 kroner. Formuesgrensa er 150 000 kroner. Statsforvaltaren og domstolane kan i visse tilfelle gjere unntak frå reglane om inntekts- og formuesgrenser.

Uavhengig av kva du har i inntekt og formue kan du få fri rettshjelp

  • i barnevernssaker for barneverns- og helsenemnda (tidlegare fylkesnemnda)
  • i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvangspålagt psykisk helsevern
  • i saker om militærnekting
  • i saker om tvangsekteskap
  • i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
  • i saker om erstatning for ugrunna straffeforfølging
  • for å vurdere melding i samband med valdtekt
  • for å vurdere melding i sak om menneskehandel
  • i saker om NAVs feilaktige praktisering av EUs trygdeforordning

Eigendel

Dersom du får fri rettshjelp, skal du som hovudregel betale ein eigendel av hjelpa. Det er ingen eigendel i saker der fri rettshjelp blir gitt uavhengig av inntekt. Dersom du har ei bruttoinntekt på meir enn 100 000 kroner, må du betale ein eigendel for fri rettshjelp i saker med økonomisk behovsprøving. Bruk rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du kan ha rett på fri rettshjelp. 

Eigendelen i behovsprøvde saker er éin gong den offentlege salærsatsen (som frå januar 2023 er 1140 kroner). I saker med fri sakførsel utgjer eigendelen 25 prosent av utgiftene (maks åtte gonger salærsatsen). Det er advokaten som krev inn eigendelen. 

Fri rettshjelp i utlandet

Alle søknader om fri rettshjelp i utlandet blir behandla av Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Dersom du skal søkje om fri rettshjelp i ei sak som går i utlandet, sender du søknaden til Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Det same gjeld dersom du skal søkje om rettshjelp frå norsk advokat i Noreg i ei slik sak. Les meir om fri rettshjelp i utlandet på nettsida til Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 03.02.2023

Flere kan nå få fri rettshjelp

Inntekts- og formuesgrensene for å få fri rettshjelp er økt i 2023. Flere vil derfor kunne få dekket advokatutgifter i saker som er av stor personlig og velferdsmessig betydning. Bruttoinntektsgrensen er nå kr. 350 000,- for enslige, og kr. 540 000,- for ektefeller/samboere. Nettoformuesgrensen er kr 150 000,-.


Publisert 06.02.2022

Rettshjelpsutbetaling i 2021

Det var både færre søknader og lavere total utbetaling etter rettshjelploven i 2021, enn året før. 


Publisert 10.01.2022

Økte inntektsgrenser – fri rettshjelp

Fra nyttår økte inntektsgrensene for å få fri rettshjelp. Flere oppfyller derfor de økonomiske vilkårene i behovsprøvde saker. Inntektsgrensen er nå kr 320 000,– for enslige, og kr 490 000,– for ektefeller og andre som lever sammen med felles økonomi.


Publisert 02.02.2021

Nedgang i utbetaling til fri rettshjelp

Stadig færre personer oppfyller de økonomiske vilkårene for å få dekket advokatbistand etter rettshjelploven.


Saksbehandlingstid

For øyeblikket har vi dessverre noe lang saksbehandlingstid på søknader om fri rettshjelp. Det må påregnes inntil 8 uker fra søknad er mottatt til man får svar.

Målet er at advokaters egeninnvilgelse (stykkprissaker) skal behandles og utbetales innen 2-3 uker. Søknader skal så vidt mulig behandles innen 4 uker.

Vi arbeider med å komme ajour, og beklager de ulemper lang behandlingstid medfører for rettshjelpsøkere og advokater.