Miljø og forureining

Fylkesmannen er forureiningsstyringsmakt i Rogaland og fører tilsyn med både private og offentlege verksemder. Miljøvernavdelinga utarbeidar årleg ein plan for desse tilsyna.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2013

Årlege tilsyn med Fylkesmannen som forureiningsstyringsmakt

Fylkesmannen si miljøvernavdeling gjennomfører årleg mellom 50 og 100 tilsyn av private og offentlege verksemder. Opp til fem av disse tilsyna kan vere kommunetilsyn.

Definisjonen av eit tilsyn

Eit tilsyn kan definerast som ein kontroll og ein reaksjon. Ein kontroll er ei undersøking av status ut i frå krav gitt i medhald av lov eller forskrift. Kontrollen blir gjennomført som ein inspeksjon eller som ein revisjon.

Ein revisjon er ein systematisk kontroll av styringssystemet til ei verksemd for å fastslå om dei planlagde aktivitetane og tilhøyrande resultat er effektivt og føremålstenleg gjennomført for å oppnå interne mål, og om verksemda oppfyller krav gitt i medhald av lov eller forskrift. Ein revisjon vil normalt omfatte eit opningsmøte før ein kontroll med gjennomgang av relevant dokumentasjon samt intervju og verifikasjonar. Revisjonen vil bli oppsummert i eit sluttmøte.

Ein inspeksjon skal normalt være ein planlagt og systematisk gjennomgang av utvalde tema for å fastslå om verksemdene oppfyller krav gitt i medhald av lov eller forskrift. Ein inspeksjon kan være både varsla og uvarsla.

Ein reaksjon er tilsynsmyndighetens tiltak ovanfor verksemder når avvik frå myndigheitskrav er avdekka.

Varsling av tilsyn

Ved førehandsvarsling vil verksemda få eit brev i god tid før sjølve tilsynet som vil innehalde dato, klokkeslett og agenda for tilsynet. Verksemda kan også bli bedt om å sende inn relevant dokumentasjon.

Utveljing av tilsynsobjekt

Val av nye tilsynsobjekt er basert på ei risikovurdering, medan alle verksemder med løyve frå Fylkesmannen blir kontrollert etter ein fast frekvens. Fylkesmannen følger også opp verksemder der ein har fått melding om akutte utslepp eller liknande. Kommunar blir utvalt på bakgrunn av tilsynstema og statistikk.

Lovgrunnlaget for tilsyn med Fylkesmannen som forureiningsstyringsmakt

  • Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven)
  • Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften)
  • Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrolloven) §§ 3 og 3a)
  • Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta)
  • Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta)
  • Løyve til verksemd etter ureiningslova frå Fylkesmannen

Etterkant av eit tilsyn

Fylkesmannen sender ein rapport som omhandlar resultatet frå inspeksjonen/revisjonen. Rapporten er å anse som endeleg dersom Fylkesmannen ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan to veker etter at rapporten er mottatt. Rapporten vil innehalde eventuelle avvik og merknader frå tilsynet.

Eit avvik er manglande etterleving av krav fastsette i eller med heimel i lov. Merknad er eit tilhøve som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på for å ivareta ytre miljø, men som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik.

Verksemder pliktar å rette opp eventuelle avvik så snart som råd. Fylkesmannen kan krevje ei skriftleg utgreiing om korleis avvika er retta eller kva tiltak som er gjennomførde eller planlagde.

Rapportane vil vere tilgjengelege for offentlegheita via postjournalen til Fylkesmannen i Rogaland (jf. offentleglova). Rapportane etter kommunetilsyn, vert publisert i Tilsynskalenderen på desse nettsidene.

Gebyr ved tilsyn

Verksemder skal betale gebyr for kontroll utført av Fylkesmannen i samsvar med § 39-3 i forurensningsforskriften Gebyret skal dekkje kostnader med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Gebyrsatsane er fastsett i forurensningsforskriften § 39-7 og 39-8.

Når særlege grunnar ligg føre kan forureiningsstyringsmakta redusere eller fråfalle gebyr.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.