Tilsyn
Fylkesmannen fører tilsyn med både offentlege og private verksemder. Me kontrollerer at lover og reglar blir haldne. Når me til dømes har tilsyn med kommunane, kontrollerer me om kommunen kan dokumentera at aktiviteten og avgjerdene er i samsvar med lovpålagde plikter.
Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.
Tilsyna skal bidra til kvalitet og forsvarlege tenester. Nedanfor finn du oversikt over dei ulike tilsynsområda som Fylkesmannen i Rogaland har ansvaret for.
Informasjon og rapportar frå Fylkesmannen sine planlagde tilsyn med kommunane, finn du i tilsynskalenderen. Her finn du også ei oversikt over eldre tilsyn.
Under tilsyns- og kontrollområde finn du relevant informasjon knytt til dei ulike områda der Fylkesmannen har tilsyn.
Me skal samordna alle statlege tilsyn med kommunar og fylkeskommunar. Meir informasjon om korleis me arbeider med dette, og lenker til andre tilsynsetatar i Rogaland, finn du under samordning og koordinering av tilsyn.
Fylkesmannen stoppar alle arrangement og tilsyn fram til 1. august
Det betyr at me ikkje gjennomfører tilsyn dei neste månadene. Konferansar og arrangement før 1. august er også avlyste eller utsette på grunn av koronapandemien.
14.11.2018
Tilsynskonferansen 2018
Tilsynskonferansen 2018 gjekk av stabelen den 8. november på Clarion Hotel Energy.