Ny felles nasjonal tilsynskalender

Frå 2020 skal fylkesmennene og fleire andre statlege tilsynsetatar ta i bruk ein felles nasjonal tilsynskalender for tilsyna deira med kommunar og fylkeskommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2020

Formålet med tilsynskalenderen

Formålet med tilsynskalenderen er å legge til rette for samordning av statlege tilsyn med kommunar og fylkeskommunar slik det følgjer av ny kommunelov § 30-6 og 30-7. Tilsynskalenderen vil vere det viktigaste verktøyet i samordningsarbeidet etter kommunelova.

Lenke til tilsynskalenderen og til nærmare informasjon om kalenderen de i høgremarga.

Fylkesmannen i Rogaland jobber nå med å integrere kalenderen på våre eigne nettsidar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.