Fylkesberedskapsrådet: Kva har vi lært av Nina?

Evalueringa av ekstremvêret Nina var eitt av temaa då fylkesberedskapsrådet møttest 29. mai 2015. I evalueringsrapporten frå Fylkesmannen er det sju læringspunkt. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.06.2015

Eitt av desse var at sentrale aktørar må ha telefonnummeret til kvarandre utan å gå via sentralbordet.

Verst i nordfylket

Nord-Rogaland fekk flest utfordringar under ekstremvêret 10. januar 2015. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og Haugaland Kraft informerte derfor om korleis dei handterte situasjonen. Fylkesmannen har laga ei samla evaluering av ekstremveret, og konklusjonane blei presenterte for rådet med ei oppmoding om at dei aktuelle etatane følgjer opp læringspunkta.

Mattilsynet omorganisert

Elles informerte Mattilsynet om ny organisering og Rogaland fylkeskommune om utviklingsarbeidet knytt til ein samvirkestrategi for samfunnstryggleik i Rogaland. Fylkesmannen gjorde greie for den kommunale beredskapsplikta og status for beredskapstilsyna. Det blei lagt vekt på samhandling. Fylkesmannen oppmoda fylkesberedskapsrådet sine medlemmer til å bidra når kommunar ber om deltaking i ROS-analysar, øvingar og til å kome med innspel til beredskapsplan.

Referat frå møtet og dei ulike presentasjonane ligg i høgremargen. Her finn du også evalueringsrapporten frå ekstremveret Nina med dei sju læringspunkta. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.