Nye aktsemdkart for snøskred

kart over skredsoner med skogeffekt (blå) og utan skogens vern (rosa) (NVE 2023)

Dei nye aktsemdkarta for snøskred er meir detaljerte enn før, og dei viser også meir omsyn til lokalt klima, skog og skredbane. Dette inneber at nokre stader er aktsemdssona mindre enn i dei gamle karta, og andre stader større. 

 

Publisert 23.06.2023

Aktsemdkarta for snøskred (NAKSIN 2023) erstattar snøskredaktsemdkarta frå 2010 og NGI sitt kombinerte snø- og steinskredkart. Der det er skredfarekartlagt vil faresonekarta overstyre aktsemdkarta. Det er NGI (Norges geotekniske institutt) som har utvikla karta, på oppdrag frå NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat).

Bruk i arealplan

Karta er og tilpassa krava i TEK 17 i større grad, for tiltak som skal stå trygt for eit skred med årleg sannsyn 1/1000. For tiltak der forskrifta krev tryggare plassering enn dette blir ein rådd til å bruke dei gamle og dei nye aktsemdkarta saman.

Skog som naturbasert skredvern

Disse karta er også laga i ein versjon som viser kva tyding skogen har for utløysning og utlaup av snøskred. Dette betyr at dersom ein vel å opne for utbygging basert på dei karta, må ein forby større flatehogst i dei aktuelle skogareala.

Det fins NAKSIN med og utan skogeffekt slik at kommunen kan velje å basere si utbygging på å ikkje bandlegge skog, men heller ha noko færre aktuelle utbyggingsområde.

Skogdata brukt i NAKSIN er basert på SR-16 datasettet frå NIBIO. Dersom kommunen vil bruke NAKSIN med skogeffekt må kommunen sjekke om den aktuelle skogen framleis står.

Til å styre aktiviteten i denne skogen kan kommunen blant anna bruke vernskogparagrafen etter skogbrukslova.

Når karta er tilgjengelige for WMS og nedlasting vil dei også vere å finne på geonorge og på www.temakart-rogaland.no.

Les meir om aktsemdkarta hjå NVE.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.