Samfunnstryggleik i arealplanlegging

All planlegging skal fremma samfunnstryggleik. Det går fram av mellom anna plan- og bygningslova. Som lokal planstyresmakt har kommunane ansvar for og heimel til å nekte at areal som er eller kan vere utsette for fare, blir teken i bruk. Dette gjeld for så vel enkeltståande byggjetiltak som meir omfattande planar.

Omsynet til samfunnstryggleik må føre til konkrete val

I praksis betyr dette blant anna at bustadfelt og institusjonar ikkje må leggjast til område som er utsette for flaum, skred eller andre hendingar som kan innebere fare for liv og helse og store materielle skadar. Det bør òg vere alternative forsyningsvegar av drikkevatn og straum dersom hovudtilførslane skulle bryte saman. Ved etablering av nye samferdselsårer skal bustadområde, skular og andre institusjonar skjermast best mogleg.

Kommunal ROS-analyse er lovbestemt

Heilskapleg kommunal ROS-analyse er ein metode til å kartleggje sannsynet og konsekvensane av uønskte hendingar for eksisterande tilhøve i kommunen. Dette kan til dømes vere naturbasert risiko, verksemdsbasert risiko, store ulykker eller tilsikta hendingar. Denne analysen skal ligge til grunn for å vurdere forhold som bør vere med i planar og prosessar etter plan- og bygningslova. Det er vidare krav til ROS-analyse i samband med alle planar etter plan- og bygningslova (framtidige byggverk eller aktivitet).

Motsegn til planar etter plan- og bygningslova

Dersom det ikkje føreligg ein ROS-analyse til planar etter plan- og bygningslova, om analysen ikkje er god nok eller det ikkje blir tatt omsyn til den risikoen kjem fram, kan Statsforvaltaren fremme motsegn til planen. 

Eit motsegn betyr at planen ikkje kan godkjennast av kommunen, men blir sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd hvis den ikkje vert trekt.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 27.01.2006

Ny rettleiar om bruk av GIS i samfunnstryggleik og arealplanlegging

Rettleiaren skildrar prosessar for handsaming av samfunnstryggleik i arealplanarbeidet i kommunane og viser korleis kommunane kan nytta geografiske informasjonssystem (GIS) og geodata som støtte i dette arbeidet.