Lover, forskrifter og rettleiingar

Nedanfor finn du lenker til nettsider som har oppdaterte oversikter over dei mange rettskjeldene på plan- og bygningsrettens område.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2015

Lovdata finn ein alle gjeldande lover, forskrifter og rettspraksis frå domstolane med meir.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eigne nettsider om bustad, bygg og eigedom, med nyheiter, lenker til dei viktigaste lovene, rettleiingar, prinsipputtaler og fortolkingar knytt til bygningsdelen i plan- og bygningsretten.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har òg tilsvarande nettsider som gjeld plandelen i plan- og bygningsloven.

Direktorat for byggkvalitet har ein oversikt over regler, rettleiingar og hjelpemiddel til bygningsregelverket i plan- og bygningsloven. Her finn ein òg eldre lover og forskrifter.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 15.09.2017

Kommunal- og moderniseringsdepartementets rundskriv H-6/17 av 30.6.2017 - Ikrafttredelse av endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova

Det blei gjort ei rekke endringar i plan- og bygningslova med verknad frå 1. juli 2017.


Publisert 04.06.2015

Forenklingar i plan- og bygningslova med forskrifter frå 1.7.2015

Frå 1. juli treng du ikkje lenger sende inn søknad for å føre opp mindre garasjar og andre mindre byggverk. Du vil sjølv vere ansvarleg for at bygningen er i samsvar med lov, forskrift og aktuelle planar. Det er difor viktig at du set deg grundig inn i regelverket før du går i gang med å byggje. Det kan vere nyttig å be kommunen om ein førehandskonferanse, og det kan vidare vere greit å ta ein prat med naboen!