Ragstjørna naturreservat er utvida med eit fuktskogområde og myrområde

Frå fuktskogområdet langs Oltedalselva i Ragstjørna naturreservat i Gjesdal. Foto: Solbjørg Engen Torvik.

Kongen i statsråd vedtok 12. desember 2025 vern av 32 skogområde i Norge. I Rogaland gjeld det Ragstjørna naturreservat som er utvida med eit fuktskogområde og myrområde. Samla areal er no 653 dekar.

Publisert 12.12.2025

Føremålet med vernet er å ta vare på trua, sjeldan eller sårbar natur i eit variert område med både våtmark og vatn som er viktig for fugl, geologisk viktig førekomst og no verdifull og sårbar skog. Det er eit mål å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, med stadeigne artar og naturtypar og naturleg skogdynamikk, og eventuelt vidareutvikle dei.

Fjerning av framande artar og hindring at slike spreier seg, er ein måte å verna om dei stadeigne artane på.

Vernet er basert på frivillig vern av skog, der skogeigar får erstatning for skogen som blir verna.

Vernevedtaket med lenker til Kongeleg resolusjon, vernekart og verneforskrift for Ragstjørna ligg i høgre marg her.  Lenke til Kongeleg resolusjon, eit oversiktskart over alle dei 32 områda og verneforskrifter for alle områda, finn ein også på heimesida til Klima- og miljødepartementet.

Frivillig vern av skog

Frivillig vern av skog er eit samarbeid mellom grunneigarar, skogeigarlaga, Statsforvaltaren og Miljødirektoratet. Verneprosessen startar ved at grunneigar tilbyr sin skog for vern. Skogeigarlaga hjelper grunneigarane i kontakt med Statsforvaltaren og Miljødirektoratet. Gjennom oppstartsmelding og høyringsprosess kjem ein saman fram til avgrensinga av verneområdet og ordlyden i verneforskrifta som er tilfredsstillande for partane. Samtidig forhandlar skogeigarlaga på vegne av grunneigarane med statens skogsakkunnig om erstatninga for skogen. Vederlaget som grunneigar får for skogen er skattefritt og utbetalast i sin heilskap etter at vernet er vedteke. Ordninga inneber ingen utgifter for grunneigarane.

Har du skog og lura på ordninga med frivillig skogvern er det berre å ta kontakt med Statsforvaltaren i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Bærekraftsmål 13 - Stoppe klimaendringer
Bærekraftsmål 15 - Livet på land