Mosvatnet naturreservat i Stavanger kommune er verna

Kongen i Statsråd vedtok 15. august 2025 vern av 4 områder for bevaring av verdfull natur i Norge. Som ein del av supplerande vern er nå Mosvatnet naturreservat verna med om lag 608 dekar sentralt i Stavanger.
Vernevedtaket med lenker til Kongeleg resolusjon, verneforskrifter og vernekart for dei einskilde områda, samt eit oversiktskart over alle områda, er lagt ut på Klima- og miljødepartementets si heimeside. Lenker til Kongeleg resolusjon, vernekart og verneforskrifter, samt eit oversiktskart over Mosvatnet naturreservat i Stavanger kommune ligg også i høgre marg her.
Bevaring av verdfull natur
Bevaring av verdfull natur er ein del av dei nasjonale miljømåla – eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar. Ordninga vil supplera nasjonal verneportefølje med område av stor verdi med omsyn til biologisk mangfald.
Mosvatnet naturreservat inneheld truga og sårbar natur i form av næringsrik sump- og strandsumpskog, med helofyttsump som utgjer viktige økologiske funksjonsområder for ein rekke raudlista artar, derimellom fugleartar og flaggermus.
Det bynære skog og vassmiljøet bidrar med viktige økosystemtenestar til nærområda, og er ein viktig del av Stavanger by sin historie og utvikling.
Kontaktpersonar
-
Tage A T Eriksen
Tlf: 51 56 88 92 -
Einar Heegaard
Tlf: 51 56 88 72
Dokument
