Melding om oppstart av verneprosess i 3 skogområde i Rogaland
Statsforvaltaren melder med dette oppstart av verneprosess i 3 skogområde i Rogaland. Det er mogleg for alle å koma med innspel til verneplanane innan 4. februar 2026.
Formålet med oppstartsmeldinga er å henta inn synspunkt på verneplanane og å sikra informasjon og medverking før det vert laga eit meir konkret verneforslag med detaljerte grensar og verneforskrifter med vernereglar.
Dei 3 nye skogområda er:
- Djupalia i Sandnes kommune, ca. 1450 daa
- Riskadalsvatnet i Hjelmeland kommune, ca. 224 daa
- Strondå i Tysvær kommune, ca. 396 daa
Aktuell verneform er naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Områda er tilbudd for vern av skogeigarane sjølve gjennom ordninga frivillig vern av skog. Her finn du meir informasjon om frivillig skogvern.
Kart som visar forslag til avgrensing av foreslåtte verneområde kan lastast ned frå høgre marg og finst på kart i Naturbase og Temakart Rogaland. Me gjer særleg merksam på at avgrensingane ikkje er endeleg verneareal, men er det forslaget som skal greiast ut i den vidare verneprosessen. Det kan skje endringar.
Formålet med vernet
Skogvern skal medverka til at ingen artar eller naturtypar vert utrydda og at eit representativt utval av norsk natur tas vare på for kommande generasjonar. Ei rekke trua naturtypar og om lag 60 % av alle trua artar i Noreg er bunden til skog og skogsmiljø. Dei aller fleste av desse artane høyrer heime i den eldre urørte skogen, og fleire artar av insekt, sopp og fugl er avhengig av gammal skog og død ved. Mange høyrer også heime i skogtypane rik edellauvskog og boreonemoral regnskog. Gjennom vern får skogen stå urørt og utvikla seg fritt, og mange ulike livsmiljø vert sikra. Skogvern er difor eit viktig og prioritert tiltak for å ta vare på norsk naturmangfald. Stortinget har som mål å verna 10 % av skogarealet.
Naturfagleg grunnlag for vernet i det enkelte område kan også lastast ned frå høgre marg. Dette er resultat frå naturfaglege kartleggingar. Rapportane frå skoganalyse er ein ny type rapport som vert laga etter kartlegging når område skal vurderast for vern. I denne storyen kan du lese om kva som inngår i analysane og korleis me vurderer om skogen er verneverdig. For Djupalia og Strondå føreligg ein slik skoganalyserapport. For Riskadalsvatnet blei det vurdert at dei kartleggingane som var gjort i dette området var tilstrekkelege for å avgjere at området var godt eigna for vern. Området kring Riskadalsvatnet har blitt kartlagt for naturtypar og artar i fleire omgangar. Viktige kunnskapskjelder for slik informasjon er nasjonale databasar som Naturbase og Artskart.
Kva inneber eit vern?
Eit vern vil medføra at alle inngrep som forringar verneverdiane vil være forbodet og at all vegetasjon og dyreliv vil verte verna mot skade, øydelegging og forstyrring. Dette inneber forbod mot hogst, fysiske inngrep og motorferdsel. Tradisjonelt, enkelt friluftsliv, sanking av bær og matsopp, jakt, fiske og beite vil være tillate.
Innspel
No startar den formelle verneprosessen som følger naturmangfaldlova §§ 41-43, med kunngjering, grundige avklaringar av verneverdiar, verneformål og eventuelle følgjer eller konfliktar vernet kan ha. Denne tidlege informasjon har blitt sendt til aktuelle grunneigarar, naboar og organisasjonar som har særlege interesser i området, samt offentlege instansar. Dette sikrar høve til tidleg tilbakemelding. På grunnlag av innkomne innspel vil det utarbeidast framlegg til vernegrenser og verneforskrifter, med ny offentleg høyring.
Me er takksame for synspunkt på naturverdiar og brukarinteresser, namn og anna, og ønsker innspel som kan bidra til gode løysningar for både vern og bruk. Innspel kan sendast med e-post eller brev til Statsforvaltaren i Rogaland.
E-postadresse: (post@statsforvalteren.no).
Postadresse: Statsforvaltaren i Rogaland, Miljøvernavdelinga, Pb. 59, 4001 Stavanger
Oppstartsmeldinga vert også kunngjort i lokal presse.
Frist for uttale til oppstartsmeldinga er 4. februar 2026.
Innspel må merkast med vår referanse 2026/50 og namn på det enkelte verneforslaget.

Rik edellauvskog i Djupalia. Foto: Metteline Larsen.

Rik edellauvskog ved Riskadalsvatnet. Foto: Solbjørg Engen Torvik.

Eikeskog i Strondå, foto Solbjørg Engen Torvik

Rik bakkevegetasjon i Strondå. Foto Solbjørg Engen Torvik.
Kontaktpersonar
Dokument
- Brev om oppstartsmelding verneprosess - 3 skogområde i Rogaland 2026.pdf
- Oversiktskart over foreslåtte verneområder 2026
- Adresseliste
- Oppstartskart Djupalia
- Skoganalyse Djupalia
- Oppstartskart Riskadalsvatnet
- DN13 faktaark 2009 Riskadalsvatnet nordaust
- Naturtyper NiN 2019 Riskadalsvatnet nordaust
- Supplerande kartlegging av naturtypar i Rogaland, Gaarder, m.fl. (2010)
- Oppstartskart Strondå
- Skoganalyse, Strondå m bilete.pdf