Løyve til utfylling i sjø på Fiskå

Fylkesmannen har gitt Fiskå Mølle AS løyve til utfylling i sjø ved gnr/bnr 7/5 på Fiskå i Strand kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.10.2015

I samband med planar om utviding av industriområdet på Fiskå er det behov for
utfylling i sjø. Løyvet omfattar utfylling av om lag 1 100 000 m3
sprengsteinmassar, der om lag 500 000 m3 er massar frå
Ryfastprosjektet. Fyllinga vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 64 000
m2. Det er i løyvet mellom anna sett krav om tiltak for å hindre
spreiing av plast, samt overvaking av partikkelspreiing for å avgrense
skadeverknadar på fisk.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå
kunngjøringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til
Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001
Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.