Utprøving av granulering av glasfiber

Ecofiber Recycling AS skal prøva ut utstyr og metodar for kverning av glasfiber m.v . innanfor ramma av gjeldande løyve til Stena Recycling AS, avd. Stavanger i Mekjarvik, Randaberg kommune. Prøvetida er fram til 1. september 2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.07.2016

Fylkesmannen handsamar søknad om etablering av anlegg for mottak og handsaming av kasserte gjenstandar av glasfiber og komposittmaterial i Jåttåvågen, Stavanger kommune. Gjenstandane kan m.a. vera småbåtar og element frå offshoreindustri. Søknaden om løyve i Jåttåvågen har vore lagt ut til offentleg ettersyn, men sakshandsaminga er ikkje avslutta.

For å prøva ut utstyr og metodar for kverning av glasfiber m.v. har Ecofiber Recycling AS inngått avtale med Stena Recycling AS om leige av hallplass ved verksemda sitt anlegg i Mekjarvik i Randaberg kommune.

Det er i regionen trong for tilbod om mottak og handsaming av avfall av glasfiber og komposittmaterial; m.a. er det i dag vanskeleg å få avhenda kasserte fritidsbåtar på ein lovleg og miljøforsvarleg måte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.