Informasjonsmøte om havnespy/japansk sjøpung

Havnespy kan spre seg ved at individer deles eller klones, og drypper ned på nye substrater
Havnespy. Foto: Rudolf Svensen / MUST.

I samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, invitere me til informasjonsmøte for oppdrettsnæringa og kommunar om havnespy/japansk sjøpung torsdag 13. januar. Møtet blir digitalt. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.12.2021

Rogaland og Vestland har fått ein ny marin framand art som potensielt kan skape problem for norsk marin flora og fauna – og for m.a. oppdrettsnæringa. Arten Didemnum vexillum er eit kolonidannande sekkdyr som kjem frå Japan og har fått tilnamnet havnespy.

Havnespy vart først oppdaga i Noreg i Engøysundet i Stavanger i slutten av 2020, og seinare i Haugesund/Karmøy-området. No er den oppdaga fleire stader i området rundt Hanøytangen på Askøy utanfor Bergen. Det er grunn til å tru at den òg kan finnast fleire stader langs kysten enn der den har blitt funnen så langt.

Havnespy kan formeire seg raskt, og spreier seg via skips- og båttrafikk, teiner, tauverk og anna utstyr som står i sjøen. 

Invitasjon til informasjonsmøte

Vi ser på situasjonen med stort alvor, og ønskjer å informere oppdrettsnæringa på vestlandet om arten og trugselen den representerer. Vi inviterer difor til eit felles informasjonsmøte på teams torsdag 13. januar 10.00-12.00. Informasjonsmøtet kan òg vere aktuelt for kommunar.

Kort om programmet

Havforskningsinstituttet vil informere om kva havnespy er, kvar er den funnen tidlegare, kvifor den er ein trugsel, korleis arten spreier seg og kva kan gjerast for å hindre spreiing. 

Statsforvaltaren vil snakke om forvaltningas rolle i denne type saker, kva ansvar har ein om ein oppdagar havnespy på nøter, båtar osv. og kva som kan gjerast. 

Påmeldingsfrist: 10. januar.

Påmelding på Statsforvaltaren i Vestland si nettside.

Webinaret er gratis. 

Du får tilsendt lenkje til møtet i forkant av webinaret. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.