Utgreiing av forbod mot bruk av utanlandske treslag til skogproduksjon

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet meiner det ikkje er nødvendig å forby bruk av utenlandske treslag til skogproduksjon. Omsynet til biologisk mangfald blir balansert gjennom streng regulering av planting.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.06.2019

Direktorata har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet nyleg levert ei utgreiing av eit eventuelt forbod mot utsetting av utanlandske treslag til skogproduksjon. Direktorata har ikkje funne grunnlag for å peike ut enkelte treslag med så stor risiko for biologisk mangfald at forbod er nødvendig.

Hovudpunkta i rapporten

  • Styrt bruk av utanlandske treslag gjennom forskrift av det omfanget som er lagt til grunn i rapporten, vil ikkje føre til vesentleg auka belastning på naturmangfaldet.
  • Omsyna til naturmangfald, klima og næring kan takast vare på gjennom forvaltning etter forskrift.
  • Det er ikkje funne fagleg grunnlag for å peike ut treslag med så stor risiko at eit forbod er nødvendig. 
  • Det er lagt vekt på at eit forbod vil resultere i eit mindre opptak og lagring av karbon i norsk skog.
  • Næringsverdien er vektlagd i rapporten. Sjølv om dei utanlandske treslaga utgjer ein liten del av det produktive arealet (1%), så utgjer dette ein ikkje uvesentleg verdi for skognæringa.
  • Direktorata peikar på at kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av utanlandske treslag bør betrast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.