Utgreiing av forbod mot bruk av utanlandske treslag til skogproduksjon
Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet meiner det ikkje er nødvendig å forby bruk av utenlandske treslag til skogproduksjon. Omsynet til biologisk mangfald blir balansert gjennom streng regulering av planting.
Publisert 17.06.2019
Direktorata har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet nyleg levert ei utgreiing av eit eventuelt forbod mot utsetting av utanlandske treslag til skogproduksjon. Direktorata har ikkje funne grunnlag for å peike ut enkelte treslag med så stor risiko for biologisk mangfald at forbod er nødvendig.
Hovudpunkta i rapporten
- Styrt bruk av utanlandske treslag gjennom forskrift av det omfanget som er lagt til grunn i rapporten, vil ikkje føre til vesentleg auka belastning på naturmangfaldet.
- Omsyna til naturmangfald, klima og næring kan takast vare på gjennom forvaltning etter forskrift.
- Det er ikkje funne fagleg grunnlag for å peike ut treslag med så stor risiko at eit forbod er nødvendig.
- Det er lagt vekt på at eit forbod vil resultere i eit mindre opptak og lagring av karbon i norsk skog.
- Næringsverdien er vektlagd i rapporten. Sjølv om dei utanlandske treslaga utgjer ein liten del av det produktive arealet (1%), så utgjer dette ein ikkje uvesentleg verdi for skognæringa.
- Direktorata peikar på at kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av utanlandske treslag bør betrast.
Kontaktpersonar
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72