Flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar er ei stor utfordring for jord- og skogbruket i distrikta

Tømmerbil lasta  med det som er loveleg last på ein del offentlege vegar. Tømmerhengaren må stå parkert. Her frå temasamling på Sand i Suldal om flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommune- og fylkesvegar.
Tømmerbil lasta med det som er loveleg last på ein del offentlege vegar. Tømmerhengaren må stå parkert. Her frå temasamling på Sand i Suldal om flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommune- og fylkesvegar. Foto: Kjell Terje Skrunes.

Dette var tema då Kystskogbruket inviterte til temadag i Suldal og Sand sist torsdag  28. oktober. Både jord- og skognæring i fylke var godt representert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.11.2021

Suldal er ein av fleire kommunar som har mange vegstrekningar med flaskehalsar der den samfunnsøkonomisk nytteverdien er stor, dersom ein kan køyre med fullasta vogntog. Varaordførar Øyvind Lovra Tveitane ønska alle velkommen og orienterte om utfordringane med flaskehalsar på det offentlege vegnettet i Suldal.

Arrangementet samla godt over 30 deltakarar. Målgruppa var mellom anna vegeigarar, transportørar, næringsaktørar og forvaltninga. Frå fylkeskommunen deltok mellom anna ein engasjert leiar i Samferdselsutvalet Alexander Rugert Raustein.

Kjetil Haukås frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) presenterte resultata frå den samfunnsøkonomisk nytteanalysen av å fjerne flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommunale vegar i Vestland og Rogaland, inkludert fylkesvegar med flaskehalsar kopla til dei aktuelle kommunevegane.

Låg vegstandard gir økonomiske konsekvensar for mange næringar

Svært mange av vegane i Suldal og i andre kommunar har både redusert aksellast og vogntoglengde. Ein typisk flaskehalsveg i Suldal er BK8; 32 tonn-12,4 m. For tømmertransportøren betyr det kippekøyring og parkering av hengaren. Konsekvensen er sju ekstra turar med enkel tømmerbil for å fylle opp eit fullt vogntog.

For kraftforbilen er også konsekvensane store med berre maks 3 tonn nyttelast for å kunne køyre lovleg. I tillegg må desse 3 tonna med kraftfor fordelast riktig på bilen for å unngå for stor aksellast på framakslingen. Dette betyr auka kostnader, større dieselforbruk, meir CO2 utslepp og større vegslitasje.  

Dei same utfordringane gjeld både mjølkebilen og slaktebilen viss dei skal kunne køyre lovleg på desse vegane. Kommunane sine eigne søppelbilar med berre 2 akslingar å fordele vekta på, vil også møte på dei same utfordringane.   

AT-Skog, tømmertransportør Ørjan Gangstø og Krakk Transport Felleskjøpet Endre Krakk gjennomførte ein visuell og god demonstrasjonen ute trass mykje regn på Garaneset.

Ein kraftforbil  kan berre køyre med 3 tonn nyttelast på enkelte vegar.
Ein kraftforbil kan berre køyre med 3 tonn nyttelast på enkelte vegar. Foto: Helge Kårstad.

Varslar strengare kontrollar i framtida

Vegvesenet og utekontrollavdelingane har varsla strengare kontroll av tyngre køyretøy framover. Det kan bidra til at desse utfordringane kjem opp på bordet og kanskje kan bli gjort noko med. Mange av desse vegane kan med eit pennestrøk skrivast opp, så lenge det ikkje går utover minstekrav til sikker transport, eller er andre gode grunnar for at dei er klassa ned i ein lågare vegstandard enn det som dagens lastebilar og vogntog er konstruert for. Så finst det vegar der det berre er mindre behov for oppgraderingar som blant anna manglande møte- og snuplassar.   

Foto: Kjell Terje Skrunes.

No er tida for å kome med innspel 

Rogaland fylkeskommune skal rullere sitt handlingsprogram for fylkesvegnettet, både vedlikehald og nyanlegg. Dette programmet gjeld for 6 år og er eit viktig grunnlag for prioritering av dei ulike vegstrekningane. Vedtak om rullering skal opp i samferdselsutvalet 17. november 2021. Deretter vil fylkeskommunen be kommunane om innspel tidleg i 2022. Endeleg vedtak av Handlingsprogrammet for fylkesvegnettet blir utpå hausten 2022.  

No er det viktig at kommunane kjem med gode innspel i samarbeid med næringsaktørane, transportørane m.fl. Rapporten frå TØI er som bestilt inn i dette arbeidet. Her ligg det kommunevise prioriteringslister av samfunnsøkonomisk bruttonytte på kommunale vegar med flaskehals, men det er også tall for bruttonytte for dei fylkesvegane med flaskehals og kopling til kommuneveg.

For dei som driv næring i distrikta må dette løysast. Dette gjeld ikkje berre skogbruket, men og jordbruket og andre brukarar i aller høgast grad. Med dei kanskje viktigaste næringsaktørane jord- og skogbruket på «ballen» er det håp om å få fortgang i arbeidet med konkrete løysingar og fjerning av dei styrste flaskehalsane. Det arbeidast på fleire frontar, og blant anna med å få på plass ein finansieringsordning for utbetring av dei viktigaste flaskehalsane.

Det kan nemnast at fleire av deltakarane og varaordføraren hadde rett før oppstart av samlinga passert det store raset ved Lovraeidet på riksveg 13. Dette var med på å prega dagen og sett eitt ekstra fokus på standarden på det offentlege vegnettet.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.