Skogplanting som klimatiltak
Planting av skog på nye areal, er eitt av tiltaka i klimaforliket som Stortinget vedtok i 2012. Rogaland er nå peika ut som eitt av tre pilotfylke i ei treårig satsing.
Pilotfasen for planting av skog på nye areal som eit klimatiltak, har formelt ikkje starta opp ettersom rettleiingsmateriellet ikkje er heilt ferdig. Men det overordna målet er klart:
- satsinga skal nytta skog til å binda CO2.
- plantinga skal skje på dei rette areala – dvs. areal som ikkje er i strid med miljøkriteria som er føresetnadene for satsinga.
- at skogbrukarane finn planting av klimaskog næringsmessig interessant.
Rogaland, Nordland og Nord-Trøndelag
Trass i at ein del ennå ikkje er på plass, er det bestemt at det blir pilotprosjekt i Rogaland, Nordland og Nord-Trøndelag, godt samhandla og koordinert med Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet. I Rogaland er vi så heldige at vi har to kommunar som vil vere med på arbeidet heilt frå starten – kommunane Tysvær og Bjerkreim. 16. juni markerte vi dette gjennom eit informasjons- og diskusjonsmøte. Kommunane sine oppgåver i satsinga blir avklart nærare.
Klima- og miljødepartementet har løyvd i alt 15 millionar kroner til arbeidet med pilotprosjektet i 2015.