Skogplanting som klimatiltak

Planting av skog på nye areal, er eitt av tiltaka i klimaforliket som Stortinget vedtok i 2012. Rogaland er nå peika ut som eitt av tre pilotfylke i ei treårig satsing.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.06.2015

Pilotfasen for planting av skog på nye areal som eit klimatiltak, har formelt ikkje starta opp ettersom rettleiingsmateriellet ikkje er heilt ferdig. Men det overordna målet er klart:

  • satsinga skal nytta skog til å binda CO2.
  • plantinga skal skje på dei rette areala – dvs. areal som ikkje er i strid med miljøkriteria som er føresetnadene for satsinga.
  • at skogbrukarane finn planting av klimaskog næringsmessig interessant.

Rogaland, Nordland og Nord-Trøndelag

Trass i at ein del ennå ikkje er på plass, er det bestemt at det blir pilotprosjekt i Rogaland, Nordland og Nord-Trøndelag, godt samhandla og koordinert med Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet. I Rogaland er vi så heldige at vi har to kommunar som vil vere med på arbeidet heilt frå starten – kommunane Tysvær og Bjerkreim. 16. juni markerte vi dette gjennom eit informasjons- og diskusjonsmøte. Kommunane sine oppgåver i satsinga blir avklart nærare.

Klima- og miljødepartementet har løyvd i alt 15 millionar kroner til arbeidet med pilotprosjektet i 2015.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.