Skogfondsvideo

Skogkurs har laga ein video der dei presenterer «Skogfondsspillet». Videoen viser korleis ein kan nytta skogfondet optimalt ut frå gitte føresetnader.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2015

Mange skogbrukarar går glipp av store verdiar ved å ikkje nytta skogfondet og skattereglane rundt dette optimalt. Skogkurs har sett det som svært viktig å spreie kunnskap om bruken av skogfond for å få best mogleg økonomi i skogbruket. «Skogfondspillet» er ein del av firetimars-kurset «Smart bruk av skogfond», utvikla av Skogkurs.

Fylkesmannen oppmodar lokale skogeigarlag, kommunar og andre aktørar å bruka videoen for å spreie meir info om skogfond på ein enkel og handgripeleg måte. Det kan også vera ein måte å motivera skogeigarar og andre til å melda seg på heile kurset for å læra meir om korleis ein kan nytta skogfondet på ein økonomisk fordelaktig måte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar