Skogfondsvideo
Skogkurs har laga ein video der dei presenterer «Skogfondsspillet». Videoen viser korleis ein kan nytta skogfondet optimalt ut frå gitte føresetnader.
Mange skogbrukarar går glipp av store verdiar ved å ikkje nytta skogfondet og skattereglane rundt dette optimalt. Skogkurs har sett det som svært viktig å spreie kunnskap om bruken av skogfond for å få best mogleg økonomi i skogbruket. «Skogfondspillet» er ein del av firetimars-kurset «Smart bruk av skogfond», utvikla av Skogkurs.
Fylkesmannen oppmodar lokale skogeigarlag, kommunar og andre aktørar å bruka videoen for å spreie meir info om skogfond på ein enkel og handgripeleg måte. Det kan også vera ein måte å motivera skogeigarar og andre til å melda seg på heile kurset for å læra meir om korleis ein kan nytta skogfondet på ein økonomisk fordelaktig måte.
Kontaktpersonar
-
Morten Svanes
Tlf: 51 56 89 74