Verdiskaping, samarbeid og nye marknader er tema for fagturen til Berlin

Fjord-regionen har lagt opp til ein felles tur for mat- og reiselivsbedrifter. Ei gruppe på 54 personar frå heile Vestlandet deltek, og av desse er det 13 personar frå Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.01.2019

Det står ein innhaldsrik fagdag om verdiskaping, samarbeid og nye marknadar på programmet. Blant anna bidrar Innovasjon Norge Tyskland med innlegg. I tillegg skal reisefølgja besøke messa Internationale Grüne Woche.  

- Der skal vi besøke Agriturisme Sveits og lære om korleis dei jobbar for auka samarbeid mellom små aktørar. Så skal vi innom Austerrike og lære om bruk av merkeordningar og marknadsføring av handverksprodukt, fortel Annabell Pfluger, næringsutviklar hjå Fylkesmannen i Rogaland.

Det tyske mat- og landbruksministerium kjem til å informere om korleis det offentlege i Tyskland støtter opp under distrikts-Tyskland og gardsturisme. Seinare på dagen får deltakarane anledning til å besøke årets partnarland Finland og ikkje minst den norske paviljongen.

Samarbeid mellom Fjord-fylka

Fagturen er ein del av samarbeidet mellom Fjord-fylka. - Det var ikkje noko problem å fylle opp plassane, seier Ragna Flotve frå Fylkesmannen i Vestland.

Desse føretaka deltek frå Rogaland

  • Gausland Fjordfegard
  • Litlestøl
  • Lysefjorden Sjokolade
  • Mikals Laks
  • Mo Laksegard
  • Rossavik
  • Smiegarden

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.