Studie innan grønt mangesysleri og entreprenørskap

Mangesysleri i praksis. Hilde og Joar Hauge frå Ryfylke gardsysteri. Foto: Kari Sand

Fagskolen i Rogaland tilbyr nye fag og modular frå hausten av og dei passar for deg som er bonde, arbeider innan reiselivsbransjen eller har erfaring som rådgivar i desse sektorane. Er du interessert i å utforske korleis gardsressursar kan utviklast på ein meir berekraftig måte?

Publisert 19.06.2025

Fagskolen i Rogaland starta opp fagskuleutdanninga, Entreprenørskap og grønt mangesysleri, i 2024/25, og no tilbyr dei utdanninga på ny.

Søknadsfrist og innhald

Søknadsfristen er løpande og du kan velgje å ta heile studiet eller enkeltemne. Emne 1 og 3 startar opp hausten 2025.

Det er fire emne á 15 studiepoeng. Samlingar hausten 2025 er lista opp under emnet hausten 2025:

  1. Bedriftsøkonomi og leiing 03.10.2025

o    03.10. – 05.10.
o    23.10. – 25.10.
o    27.11. - 29.11.

  1. Marknadsføring og kommunikasjon - vår 2026

  2. Lokal foredling – 28.09.2025

o    28.09. – 02.10.
o    16.10. – 19.10.
o    06.11. - 09.11.

  1. Bedriftsutvikling og entreprenørskap – vår 2026

Datoane kan bli justert i samarbeid med studentane etter studiestart. Eksamen kjem i tillegg.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.