Store moglegheiter på små gardsbruk

Om drivkrafta er import eller ei, så er tida inne for at fleire bønder bør foredle lokale råvarer og ta ut meirverdien på eigen gard. I ein serie med møte rundt om i fylket vil bonde Stein Brubæk fortelje om sitt småbruk som gir arbeidsplass for to.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.01.2019

Stein Brubæk er kjend for sitt store engasjement for best mogleg bruk av landbruket og bygdene sine ressursar. Stein driv garden og gardsysteriet Brubekken ved Sunndalsfjorden i Møre og Romsdal. På garden blir det produsert mjølk, gras og ein del grønsaker. I tillegg til foredling av mjølk og kjøt, driv dei eit bakeri. Varene sel dei i lokale butikkar eller frå torg.

Målgruppa for møta er først og fremst bønder som tenkjer på eller har planar om å foredle produkt frå garden, men møta kan og vere nyttig for rådgivarar og andre landbruksinteresserte.

 

Møteserien går over heile fylket, nokre møte er på dagtid, andre på kveldstid.

Her kan du høyre og snakke med Stein Brubæk

18. februar kl 11:00 - 14:00 Laksebørsen, Bjerkreim sentrum

18. februar kl 19:00 - 22:00 Heskestad samfunnshus, Ualand

19. februar kl 12:00 - 15:00 Nesflaten, Øvre Suldal

19. februar kl 19:00 - 22:00 LMT, Garaneset, Sand

20. februar kl 19:00 - 22:00 Høiland gard, Årdal

21. februar kl 19:00 - 22:00 Nesheimstunet, Nedre Vats

 

For meir informasjon, kontakt astrid.brommeland@suldal.kommune.no, telefonnr. 957 48 637.

Inspirasjonsmøta er gratis! Hjarteleg velkomne!

Arrangørar er Bedriftsutvikling i ytre Ryfylke, Bygdeutvikling i indre Ryfylke, Lund næringsutvikling, Bjerkreim kommune, Vindafjord kommune, Utvalde kulturlandskap Suldal og Fylkesmannen i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.