Rogaland er i front innan bioøkonomi

Bioøkonomistrategien for Rogaland er eit viktig steg i ei berekraftig retning for fylket. Strategien er ambisiøs, men ei klarare prioritering er nødvendig.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.07.2018

Rogaland er tidleg ute med ein eigen bioøkonomistrategi som følgjer opp den nasjonale strategien frå regjeringa.

Bioøkonomistrategi og verdiskaping

I Regjeringa sin bioøkonomistrategi frå 2016 er det påvist eit stort verdiskapingspotensiale knytt til omlegging mot bioøkonomi, noko som også kjem klart fram av forslaget som nå er utarbeidd for Rogaland.

Ny kunnskap og ny teknologi skaper eit stort potensiale for betre ressursutnytting, basert på lokale ressursar. Rogaland ønskjer å vere i front i denne satsinga.

Prioritert arbeid

Ambisjonen er å etablere eit regionalt politikkdokument innan bioøkonomi som er forankra i Regional planstrategi 2017-2020 og i den nasjonale strategien.

Vår vurdering av forslaget

Det framlagde dokumentet vil bidra til at Rogaland tek viktige steg i ei berekraftig retning. I høyringsuttalen vår, som er lagt ved denne nettsaka, trekker me fram det som er positivt. Vi har også innspel som kan gjere strategien endå klarare og betre, etter vårt syn:

  • Relevante innsatsområde
  • Miljøutfordringane bør kome klarare fram
  • Behov for ei klarare prioritering av mål og tiltak
  • Fôr til dyr og fisk og energi blir viktige fokusområde
  • Skogsektoren er ein viktig del av bioøkonomien, og må omtalast i strategien
  • Vi støttar forslaget om å etablere eit bioråd

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.