Nytt tilbod om fagskuleutdanning i ysting

Ystekurs med Lise Brunborg, Stavanger ysteri.
Ystekurs med Lise Brunborg, Stavanger ysteri. Foto: Nofima AS.

I løpet av dei siste 20 åra har handverksysting hatt ein renessanse. Mjølketunge Rogaland har mange lokale ysteri, men rekruttering og kompetansetilgang har vore kritiske faktorar. Med dette nye fagtilbodet er det håp om fleire ystarar og betre konkurransekraft for ysteria.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.02.2022

Fagskulen Vestland startar studietilbodet Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling hausten 2022 i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim. Det vert eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år.

Denne fagskuleutdanninga leiar fram til ein fagskulegrad i handverksysting og får tittelen ysteteknikar.

Målgruppa er dei som driv eller er tilsette på handverksysteri/gardsysteri, dei som ynskjer å starte ysteri eller jobbe hjå andre eller produksjonsmedarbeidarar i meieriindustrien.

Om studiet

Mjølkeforedling i praksis og teori er det sentrale innhaldet. Studiet er inndelt i følgjande emne:

  • Mjølkeforedling og grunnleggjande produksjon
  • Kvalitetsarbeid i mjølkeforedling
  • Marknadskunnskap
  • Bedriftsøkonomi
  • Hovudprosjekt

Utdanninga blir avslutta med eit hovudprosjekt. Der tek studenten utgangspunkt i ei problemstilling hen har særleg interesse for, innanfor emne det er undervist i.

Gjennom studiet blir det veksling mellom forelesingar, arbeidsoppgåver individuelt og i grupper, utferder til mjølkeforedlingsverksemder, presentasjonar og rettleiing.

Samlingar

Det blir i alt ni samlingar gjennom dei to studieåra, der kvar samling er på fire til fem dagar à ni timar. I tillegg kjem eksamen våren 2024.

Søknad

Søknad via Samordna opptak innan  20. april.

Kontakt

Dersom du har spørsmål, kontakt Sogn Jord- og Hagebruksskule ved prosjektleiar Bjørg Fritsvold: Bjorg.Eldri.Fritsvold@vlfk.no / tlf. 958 48 870

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.