Bli med og skap meir lokalmat frå Rogaland!

Fagdagar for lokalmat "MATSMIÅ 2019" går av stabelen 13.-14. mars, og vi har gleda av å tilby eit spennande og rikhaldig kursprogram.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.01.2019

Du kan velje mellom følgjande kurs:

  1. Matbrød - på nytt og tradisjonelt vis. André Løvaas, Nofima
  2. Hjortevilt - frå villmark til spisebord. Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter
  3. Ølbrygging med kveik. Bjørn Roth, Nofima
  4. Dessertar og søtt av frukt og bær. Hege Andersen, trener konditorlandslaget/Vaaland Dampbakeri og Conditori AS
  5. Smaksverkstad - opplevingsmat med gjesten på laget. Frode Selvaag, Ryfylkekokken AS og Stian G. Iversen, Nofima

Les meir om kursa her

Målgruppa er lokalmatprodusentar og serveringsstadar.

Program

13.mars 2019

09.30 Registrering, kaffe og litt å bite i
10.00 Velkomen
10.15 Kursa starter (berre mogleg å delta på eitt kurs)
13.00 Lunsj og mingling

Utstilling av deltakarane sine produkt og frå ungdomsbedriftene ved Restaurant- og matfag.

14.30 Kursa held fram
16.00 Inspirasjon. Historia til tre lokale matprodusentar – frå idé til suksess!
17.00 Felles middag på Karmsund for alle deltakarane og kurshaldarane. Menyen blir sett samen av retter frå dei enkelte kurse med god hjelp frå elevar og faglærarar på skulen.

14.mars 2019

08.30 Kursa held fram
14.00 MatSmiå 2019 avsluttast med felles lunsj basert på mat frå smaksverkstaden og kursa


Stad: Karmsund VGS, Salhusveien 68, 5529 Haugesund.
Pris: kr 2 250 inkl. kursmateriell, lunsj begge dagar samt middag den 13 mars.

Påmelding

Meld deg på her for betaling med faktura (NB +50 kr fakturagebyr)
Meld deg på her for betaling med kort/vipps.

For meir informasjon kontakt Aase Vorre Skuland, +47 450 15 282, aase.vorre.skuland@nofima.no

Arrangørar er Kompetansenettverket for lokalmat Sør, Smaken av Vikingland, Rogaland fylkeskommune ved Karmsund vgs og Fylkesmannen i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.