Lokalmat frå Lund i startgropa

Snautt 30 personar skapte god stemning og gode diskusjonar då dei var samla til matmøte på Moi. Dannar dei eit nettverk kan dei bli meir slagkraftige, og det vil sette Lund skikkeleg på matkartet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2019

Ordførar Olav Hafstad fortalde at Lund har mykje å by på av mat, natur og kulturhistorie, og at dette må løftast fram for å skape identitet og stoltheit.

- Det er ei ny tid for Lund, sa ein engasjert og stolt ordførar Olav Hafstad.

Modningsprosess

Det er eit gryande miljø for å foredle eigenproduserte råvarer til kvalitetsprodukt. I april opnar brødrene Kristian og Brynjar Ollestad eit foredlingsanlegg for kjøt. Cecilie Skåland produserer eplemost av eigne eple, og andre har planar om leveransar av kjøt frå gamle kurasar, utegris, innlandsfisk og honning, og nokre er interesserte i ysting og baking. Så dette lovar godt!

Matopplevingar

Mat og servering høyrar saman og Lund kommune kan by på fleire spennande opplevingar i så måte. Her finn vi Cecilie`s Conditori, Skåland gjestegård og Hellerstunet.

Frå null til ti

Rogaland har rett i underkant av 150 registrerte lokalmatprodusentar, men ingen er frå Lund. 

Prosjektet «MAD – matopplevelser fra Lund» har som mål å dyrke fram minst 10 lønsame produsentar som utviklar og tilbyr eit mangfald av produkt frå Lund. Det er Lund næringsutvikling som eig prosjektet med dei to drivande, dyktige prosjektleiarane Anders Mydland og Kjell Andreas Heskestad i spissen.

Fylkesmannen i Rogaland støttar dette prosjektet med utviklingsmidlar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.